Andreas Vamraak

Andreas Bergeson Vamraak (fødd 10. april 1861 i Kyrkjebø i Sogn og Fjordane, død 13. august 1936) var ein norsk målmann, lærar og klokkar.

Andreas Vamraak
Fødd 10. april 1861
Død

13. august 1936 (75 år)

Han tok eksamen ved Stord lærarskule i 1880 og underviste fleire stader før han byrja som lærar og klokkar i Kyrkjebø. Det var han i åra 1893–1931. I den dåverande Kyrkjebø kommune, som i dag er ein del av Høyanger, var han ordførar frå 1899 til 1904. Det var i desse åra at kommunen innførte landsmål som administrasjonsspråk.

Vamraak gav også ut Utval av norske salmar og songar til skulebruk i 1910 (med nye utgåver i 1914 og 1921) og heftet Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858–1928 i 1931. Han arbeidde utrøytteleg for landsmål generelt, og for å få inn Elias Blix-salmane i kyrkjelydane spesielt, men var sterkt imot trekkspel og dans.

Vamraak var med på å starte opp Sogns ungdomslag i 1896, og var ei drivkraft der. For dette fekk han borgardådsmedaljen i sølv i 1931.

KjelderEndra