Andrej Karpovitsj

kasakhstansk fotballspelar

Andrej Vladimirovitsj Karpovitsj (fødd 18. januar 1981 i Semipalatinsk i Aust-Kasakhstan) er ein kasakhstansk fotballspelar som spelar på midtbanen for Aqtöbe i den kasakhstanske fotballigaen, og for Kasakhstan sitt landslag.

Andrej Karpovitsj
Personleg informasjon
Fullt namn Андрей Владимирович Карпович
Andrej Vladimirovitsj Karpovitsj
Fødd 18. januar 1981
Fødestad Semipalatinsk
Høgd 177 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Aqtöbe
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1998-2000
2001
2002-03
2004-06
2007-08
2009
2010-
Kasakhstan Jelimaj
Kasakhstan Ertis
Rostov
Kasakhstan Qajrat Almaty
Dinamo Moskva
Kasakhstan Lokomotiv Astana
Kasakhstan Aqtöbe
54 (6)
24 (0)
42 (1)
68 (3)
23 (0)
23 (2)
0 (0)
Landslag
2001- Kasakhstan Kasakhstan 46 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Han spelte i den russiske toppdivisjonen for Rostov 2002 til 2003 og for Dinamo Moskva 2007 til 2009. Han vart seriemeister i Kasakhstan med Jelimaj i 1998 og med Qajrat Almaty i 2004.

Karpovitsj skåra det første landslagsmålet til Kasakhstan etter at landet gjekk over til UEFA, 8. september 2004, i ein VM-kvalifiseringskamp mot Ukraina.