Aust-Kasakhstan oblast

Aust-Kasakhstan (kasakhisk Шығыс Қазақстан облысы, Sjyghys Qazaqstan oblysy) er eit oblast i Kasakhstan og ligg i den austlegaste delen av landet langs begge sider av elva Irtysj og innsjøen Zajsan. Hovudstaden er Ust-Kamenogorsk, som har 320 000 innbyggjarar og sjølve oblastet har om lag 1,4 millionar innbyggjarar.

Aust-Kasakhstan
Шығыс Қазақстан
oblast
Symbol
Land  Kasakhstan
Hovudstad Ust-Kamenogorsk
Areal 283 226 km²
Folketal 1 393 932
Tidssone UTC +6
Postnummer 070000
Kart
Aust-Kasakhstan oblast
49°57′00″N 82°37′00″E / 49.95°N 82.616666666667°E / 49.95; 82.616666666667
Kart som viser Aust-Kasakhstan oblast.
Kart som viser Aust-Kasakhstan oblast.
Kart som viser Aust-Kasakhstan oblast.
Wikimedia Commons: East Kazakhstan Region

Oblastet grensar til Russland i nord og nordaust og Folkerepublikken Kina (Xinjiang) i sør og søraust. Det austlegaste punktet i oblastet ligg òg berre om lag 50 km frå det vestlegaste området av Mongolia, men Kasakhstan og Mongolia deler aldri grense sidan ein liten flik av Russland og Kina ligg i mellom.

Området har mange russarar og ukrainarar og i hovudstaden er desse to gruppene til saman fleire enn kasakhstanarane. Oblastet har eit areal på 283 000 km².

Oblastet vart oppretta då dei to oblasta frå tida under Sovjetunionen, det gamle Vostotsjno-Kazakhstanskaja (Aust-Kasakhstan) oblast og Semipalatinsk oblast vart slått saman.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Aust-Kasakhstan oblast