Andrej Platonov

russisk skribent

Andrej Platonov (16. august 18995. januar 1951) var ein russisk ingeniør, poet, forfattar og dramaturg. Han var ein av dei tidlege sovjetiske forfattarane som skreiv kritisk om sovjetsystemet og blei bannlyst. Han blei gjenoppdaga under perestrojkaen på 1980-talet, men fyrst på 2000-talet fekk dei russiske lesarane tilgang til meir fullstendige og lettilgjengelege tekster, noko som førte til nye omsetjingar og avhandlingar.

Andrej Platonov

Fødenamn Andrej Platonovitsj Klimentov (russisk Андре́й Плато́нович Климе́нтов
Alias russisk Андрей Плато́нов
Pseudonym Платонов, А. Фирсов, Ф. Человеков, А Вагулов
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Den russiske republikk, Sovjet-Russland, Sovjetunionen
Fødd 16. august 1899
Voronezj
Død

5. januar 1951 (51 år)
Moskva

Yrke skribent, skodespelforfattar, science fiction-forfattar, lyrikar, prosaforfatter
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti
Sjanger prosa, meiningsjournalistikk, roman
Born M. A. Platonova, Platon Platonov
Signatur
Andrej Platonov på Commons
Andrej Platonov (1938)

Platonov vekte stor interesse og fekk ei god mottaking i Sverige då bøkene hans byrja komma ut i omsetjingar av Kajsa Öberg Lindsten. Andrej Platonov er no rekna blant dei russiske klassikarane i undervisninga på dei fleste svenske universiteta.[1]

Liv endre

Barndom endre

Andrej Platonovitsj Klimentov blei fødd 28. august (16. august etter den julianske kalenderen) 1899 i Voronezj. Far hans, Platon Firsovitsj Klimentov (russisk skrift Платон Фирсович Климентов, 1870–1952), var son av ein gravemaskinførar som omkom i ei gruveulukke. Platon Klimentov var fødd i Zadonsk, der han etter å ha avslutta sokneskulen byrja jobba ved 12 års alder. Han lærte seg mange yrke, som målar, lokomotivførar, mekanikar og oppfinnar.[2] Han blei utnemnd til Arbeidshelten i 1920 og 1922, og i 1928 blei han medlem i kommunistpartiet. Mora, Marija Vasiljevna Lobotsjitsjina (russisk Мария Васильевна Лобочихина, 1875–1929) var òg fødd ho i Zadonsk i ein familie som hadde vore liveigne hjå godseigaren Ivan Vasiljevitsj Borodin. Far hennar var urmakar og gullsmed. Paret fekk åtte barn der Andrej var den eldste. Fem av dei nådde vaksen alder: Andrej, Pjotr, Sergej, Semen og Vera. Pjotr Platonovitsj Klimentov blei filosofie doktor og ein kjend hydrolog. Sergej Platonovitsj Klimentov valde ein militær bane og avanserte til befal. Semen Platonovitsj Klimentov blei fartøymaskinist. Vera Platonovna Klimentova utdanna seg til tannlege.[3] Foreldra er gravlagde på Tsjugonovkyrkjegarden i Voronezj.

I 1906 byrja Andrej Platonov ved den avgiftsfrie sokneskulen. Frå hausten 1910 til sommaren 1914 studerte han ved den fireårige avgiftsbelagte grunnskulen til ein kostnad på 10 rublar per år. Frå hausten 1914 arbeidde han med kontorarbeid ved forsikringsselskapet Rossija i to månader, og frå januar 1915 var han kansellist for søraustjernbana, der morbroren hans Mikhail Vailjevitsj Lobotsjitsjin hadde arbeidd i mange år. Frå juli 1916 byrja han jobba som støypar ved ein røyrfabrikk, og frå 1917 var han tilsett ved Voronezj jernbaneverkstad.[4]

Militærteneste, yrkesarbeid og litterær aktivitet endre

I 1918 kom Platonov inn på Voronezj tekniske høgskole, men gjekk fyrst ut i 1921 på grunn av militærteneste. Han gjorde teneste ved revolusjonskomiteen til den søraustlege jernbanen, i redaksjonen for tidsskriftet Jernbanen, og var krigskorrespondent under den russiske borgarkrigen. Frå 1919 byrja han gje ut dei litterære verka sine, og verka i nokre blad som poet, publisist og kritikar. Sommaren 1919 var han korrespondent for bladet Nyhende frå Voronezj forskansa forsvarsråd i Novotsjopjorsk. Kort tid etter blei han kalla inn til Arbeidarane og bøndene sin raude arme (RKKA, russisk Рабо́че-крестья́нская Кра́сная а́рмия - РККА). Fram til hausten var han som handlangar for damplokomotivførarar ved militærtransportar. Deretter blei han omplassert til ei spesialskyttareining ved jernbanen. På 1920-talet endra Platonov namn frå Andrej Platonovitsj Klimentov til Andrej Platonov. Sommaren 1921 gjekk han ut den eittårige partiskulen. Same år gav han ut den fyrste publikasjonen sin, brosjyren Elektrifisering, og gav ut dikt i kollektivdiktsamlinga Dikt. Dette året gifta han seg òg med Marija Aleksandrovna Kasjintseva (Мария Александровна Кашинцева, 1903–1983), men dei registrerte fyrst ekteskapet offisielt i 1943.[5]

25 september 1922 fekk paret sonen Platon Andrejevitsj Platonov. Tidlegare same år hadde Platonov gjeve ut diktsamlinga Golubaja glubina (russisk skrift Голубая глубина, 'Det lyseblå djupet;) i Krasnodar. Dette året blei han òg utnemnd til for hydroteknikkommissjonen i guvernemente.[6] I 1923 skreiv diktaren og litteraturkritikaren Valerij Brjusov ein positiv omtale av diktsamlinga til Platonov.[7] Mellom 1923 og 1926 arbeidde Platonov som jordforbetringsingeniør og elektrifieringsspesialist innan jordbruket. Han var sjef for elektrifieringsavdelinga til guvernementet, og bygde tre kraftverk. Eit av dei, i Rogatsjovka, blei seinare brunne ned av kulakar.

Våren 1924 deltok Platonov på den fyrste allrussiske hydrologiske kongressen, der ein diskuterte ulike vatningsprojekt for å verna avlingane frå tørke. Same våren søkte han igjen om medlemskap i Russland kommunistiske parti (bolsjevikane), og blei antatt som kandidat i ei particelle, men fekk likevel ikkje tilbake medlemskapen.

I juni 1925 møtte Platonov for fyrste gong forfattaren og futuristen Viktor Sjklovskij, som kom flygande tll Voronezj for å fremja det sovjetiske flyet under parolen «Vend ansiktet mot landsbygda».

Frå 8. desember 1926 til 27. mars 1927 arbeidde Platonov i Tambov, der han skreiv verk som Jepifanskije sjljozy (Епифанские шлюзы Slusene i Jepifan), Efirnyj trakt (Эфирный тракт) og Gorod Gradov (Город Градов).

Frå 1927 til 1930 skapte Platonov dei mest tydingsfulle verka sine, kortromanen Anleggsgrøften (Котлован, Kotlovan) og romanen Tsjevengur (Чевенгур). Desse er språkleg og innhaldsmessig banebrytande, og skildrar i ein fantastisk ande skipinga av det nye kommunistiske samfunnet, ein utopisk sosialisme. Ingen av desse blei gjevne ut under hans levetid.

Undertrykking endre

I 1931 las Josef Stalin Platonov si novelle Vprok (Впрок) i tidsskriftet Krasnaja nov (Красная новь) og skreiv i margen: «Ein gåverik forfattar, men ein skitstøvel».[8] Stalin sende eit brev til redaksjonen i tidsskriftet, der han omtalte novella som «ei av forteljingane til fiendeagentane våre, skriven med målsetjinga om at detronisera koltsjosrørsla», og han kravde at forfattaren og utgjevaren skulle straffast.

I mai 1938 blei den femten år gamle sonen til Platonov arrestert. Han kom ut frå fengsel fyrst hausten 1940 med hjelp frå vener av Platonov, men hadde då fått tuberkulose. Platonov blei smitta av sonen då han passa han, og leid av desse resten av livet. Sonen døydde 4. januar 1943[9] og etterlet seg enkja Tamara og den nyfødde sonen deira Aleksandr.

11. oktober 1944 fekk Marija og Andrej Platonov dottera Marija, kalla Masja.[10]

Krigskorrespondent endre

Under den store fedrelandskrigen gjorde Andrej Platonov teneste som kaptein og var krigskorrespondent for avisa Krasnaja Zvezda (Кра́сная звезда́).

I februar 1946 blei Andrej Platonov demobilisert av helsegrunnar.

Dei siste åra endre

 
Platonov si familiegrav på den armenske kyrkjegarden i Moskva.

I slutten av 1946 kom Platonov si forteljing Vozvrasjtsjenije (Возвращение ) ut. For denne blei han angripen og skulda for å tala imot det sovjetiske folket, den sovjetiske familien og den sigrande krigaren som vende heim.

På slutten av 1940-talet var Platonov blitt fråtatt høvet til å forsørgja seg sjølv som forfattar. Han vigde seg til litterære bearbeidingar av russiske og basjkirske soger som blei gjevne ut i tidsskrift for barn.

Andrej Platonov døydde 5. januar 1951 i Moskva av tuberkulosen han hadde fått då han pleidde sonen sin. Platonov er gravlagd på den armenske kyrkjegarden i Moskva saman med kona si, sonen, dottera og sonesonen.

Litterære verk endre

Romanar endre

  • 1928: Tsjevengur (Чевенгур)
  • 1930: Anleggsgrøften (Котлован, Kotlovan)
  • 1933–1936: Lukkelege Moskva (Счастливая Москва, Stsjastlivaja Moskva)

Noveller endre

  • 1927: Gorod Gradov (Город Градов)
  • 1927: Sokrovennyj tsjelovek (Сокровенный человек)
  • 1927: Efirnyj trakt (Эфирный тракт)
  • 1928: Proiskhozjdenije mastera (Происхождение мастера)
  • 1931: Vprok (Впрок)
  • 1934: Musornyj veter (Мусорный ветер)
  • 1934: Juvenilnoje more (Ювенильное море)
  • 1934: Dzjan (Джан)
  • 1946: Vozvrasjtsjenije (Возвращение)

Kjelder endre

  1. Revolution och existens. Läsningar av Andrej Platonov (2017) s. 8-9)
  2. Varlamov 2011, s. 8-9.
  3. Varlamov 2011, s. 9-11.
  4. Varlamov 2011, s. 12-14 och 531.
  5. Varlamov 2011.
  6. Varlamov 2011, s. 532-533.
  7. Petjat i revoljotsija (på ryska: Печать и революция Press och revolution). 1923. № 6.
  8. Skakov, Nariman. «Introduction: Andrei Platonov, an Engineer of the Human Soul». Slavic Review 73 (4): 719–726. doi:10.5612/slavicreview.73.4.719. Henta 11. juni 2017. 
  9. Varlamov 2011, s. 539.
  10. Varlamov 2011, s. 540.
  • Denne artikkelen bygger på «Andrej Platonov» frå Wikipedia på svensk, den 7. januar 2023.
  • Bodin, Per-Arne: Grundningsgropen : utopi och språkförbistring. Om en roman av Andrej Platonov. - Kyssen i Ryssland och andra essäer om rysk litteratur och kultur, 2002, s. 116-137.
  • Clark, Katarina Soviet Culture and Power. A History in Documents 1917-1953 (Yale Univ. Press, 2007) ISBN 978-0-300-10646-6
  • Lane, Tora Andrey Platonov: The Forgotten Dream of the Revolution (Lexington Books, 2018) ISBN 978-1498547758
  • Revolution och existens. Läsningar av Andrej Platonov. Red. Tora Lane. Ersatz 2017. ISBN 978-91-87891-27-4
  • Seifrid, Thomas Andrei Platonov: Uncertainties of Spirit (Cambridge, England, 1992) ISBN 978-0-521-40522-5
  • Seifrid, Thomas, A Companion To Andrei Platonov's The Foundation Pit, Academic Studies Press, 2009; ISBN 1-934843-57-1
  • Varlamov, Aleksej Nikolajevitj: Andrei Platonov, Molodaja gvardija, Moskva 2011 (ryska), s. 546. ISBN 978-5-235-03411-2. 
  • Öberg Lindsten, Kajsa, Efterord till Andrej Platonov Grundgropen ISBN 978-91-88858-44-3