Andrej Sannikaw
Andrej Aljehavitsj Sannikaw, belarusisk Андрэй Алегавіч Саннікаў, russisk Andrej Olegovitsj Sannikov (fødd 8. mars 1954 i Minsk) er ein belarusisk politikar og samfunnsaktivist. Han var kandidat ved presidentvalet i Belarus i 2010, og kom på 2. plass ifølgje dei offisielle resultata. Frå 2012 har han budd i eksil i London.
Andrej Sannikaw | |||
| |||
Fødd | 8. mars 1954 (70 år) Minsk | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Belarus, Sovjetunionen | ||
Yrke | diplomat, aktivist, politikar | ||
Utdanna ved | Minsk State Linguistic University | ||
Ektefelle | Iryna Khalip | ||
Medlem | Europeisk Belarus |
Sannikaw vart utdanna ved fakultetet for omsetjing ved Statsinstituttet for framandspråk i Minsk, der han var ferdig i 1977. Han jobba på V.I. Kozlov elektrotekniske fabrikk i Minsk, og deretter i Pakistan og Egypt for oljeselskap og under bygging av ein aluminiumsfabrikk. I 1980-81 jobba han for Foreininga for internasjonalt vennskap. Frå 1982 til 1987 var han i New York ved FN-hovudkvarteret, og i 1989 fullførte han ei utdanning ved diplomatakadameiet til Sovjetunionens utanriksdepartement i Moskva.
Etter oppløysinga av Sovjetunionen, då Belarus vart sjølvstendig, jobba Sannikaw 1993 til 1995 i den belarusiske ambassaden i Sveits, før han vart viseutanriksminister i Belarus i 1995, tidleg i regjeringstida til den autoritære presidenten Aljaksandr Lukasjenka. Han gjekk av i 1996 i samband med ei folkerøysting som gav meir makt til presidenten. Etter dette har han vor i opposisjon til presidenten og har vore med på å organisera protestaksjonar ved fleire høve, til dømes etter dei forfalska parlaments- og presidentvala i 2001, 2004, 2006 og 2008. Frå 1998 til 2002 var han rektor for Folkeuniversitetet, eit uformelt utdannings- og folkeopplysningsprosjekt.
I 2008 var Sannikaw ein av initiativtakarane til kampanjen Europeisk Belarus, som går inn for at Belarus skal bli medlem av Den europeiske unionen.[1] 18. november 2010 registrerte han seg offisielt som presidentkandidat ved valet i Belarus 19. desember 2010.[2] Etter dei offisielle valresultata kom han på andre plass, med 2,4 % av røystene, men valet vart ikkje rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar. På kvelden den 19. eller natta den 20. desember vart han arrestert saman med kona, Iryna Khalip, i samband med at opposisjonen sin demonstrasjon mot valresultatet vart slått ned av opprørspolitiet. Ifølgje menneskerettsorganisasjonen Amnesty International vart han alvorleg skadd under arrestasjonen.[3] 11. januar 2011 vart han adoptert som samvitsfange av Amnesty International.[3] I mai 2011 vart Sannikaw dømd til fem års fengsel for å ha "organisert masseuro". USA og Europaparlamentet fordømde denne dommen.[4]
Sannikaw vart lauslaten frå fengsel i april 2012. Seinare same året flykta han til Storbritannia og fekk politisk asyl der. I november 2012 budde han i London.[5]
Sannikaw er gift med den framståande journalisten Iryna Khalip, og har to søner. I tillegg til belarusisk snakkar han også russisk, engelsk og fransk. I 2005 vart han tildelt den austerrikske Bruno Kreisky-prisen for engasjementet sitt for menneskerettane.[6]
Fotnotar
endre- ↑ Пра кампанію «Еўрапейская Беларусь» // www.europeanbelarus.org, på belarusisk
- ↑ Андрей Санников зарегистрирован кандидатом в президенты Беларуси // www.charter97.org, 18.11.2010, på russisk
- ↑ 3,0 3,1 Amnesty International på engelsk.
- ↑ "Кандидат в президенты отсидит как президент" frå Gazeta.ru, 16. mai 2011, på russisk
- ↑ Andrei Sannikov: democratic world is too complacent about Belarus frå The Guardian 23 november 2012 (på engelsk)
- ↑ BRUNO KREISKY PRIZE
- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå russisk wikipedia 11. mars 2011.