Andrew Lambrou

australsk songar (1998–)

Andrew Lambrou (fødd 25. mai 1998 i Sydney) er ein australsk songar av greskkypriotisk opphav. Han representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia med låten «Break a Broken Heart».[1][2]

Andrew Lambrou

Fødd25. mai 1998 (26 år)
FødestadSydney
AliasΆντριου Λάμπρου
OpphavAustralia
Aktiv2013–
Sjangerpop, electro
Instrumentvokal
PlateselskapSony Music Publishing
Verka somkomponist, songar

Bakgrunn

endre

Lambrou blei fødd inn i ein greskkypriotisk familie i 1998.[1] Han vaks opp i Sydney og gjekk ved AMS Music School der han lærte å spele piano. Som femåring vann han fyrstepremien i en eisteddfod som skulen arrangerte. Der song han «Do-Re-Mi» frå The Sound of Music.[3]

Lambrou fekk merksemd i 2013 etter å ha lasta opp ein coverversjon av Evanescence-låten «My Immortal» på YouTube.[1] Han lasta opp ein 15-sekunders coverversjon av Sam Smith sin «Stay With Me» på Instagram. Videoen blei delt av ei spansk musikkside og skaffa han straks over 2000 nye følgjarar.[3] I 2015 deltok Lambrou i The X Factor Australia, der han nådde topp 20.[1] Same år blei han oppdaga av Sony ATV og slapp debutsingelen «Throne» i 2021.[3]

Eurovision Song Contest

endre

I 2022 deltok Lambrou i Eurovision – Australia Decides med songen «Electrify». Tevlinga er den australske uttakinga til Eurovision Song Contest, og han enda på sjuandeplass i den australske finalen.[4]

I oktober 2022 kunngjorde den kypriotiske kringkastaren CyBC at dei hadde vald Lambrou til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2023.[1][2] Han deltok med låten «Break a Broken Heart» og enda på tolveplass i finalen.[5]

Diskografi

endre

Singlar

endre
Song År Album
«Throne» 2021 Ikkje frå album
«Lemonade»
«Confidence»
«Electrify» 2022
«Break a Broken Heart» 2023

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Adams, William Lee (17. oktober 2022). «Cyprusconfirms Andrew Lambrou as Eurovision 2023 singer». wiwibloggs (på engelsk). Henta 17. oktober 2022. 
  2. 2,0 2,1 «Cypruswill send Andrew Lambrou to Liverpool». eurovision.tv (på engelsk). 17. oktober 2022. Henta 17. oktober 2022. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «About». AndrewLambrou (på engelsk). Henta 17. oktober 2022. 
  4. «AustraliaDecides 2022: Andrew Lambrou - "Electrify"». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 17. oktober 2022. 
  5. «AndrewLambrou». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023.