Australia i Eurovision Song Contest
Australia debuterte i Eurovision Song Contest i 2015, i utgangspunktet som eit eingongstilfelle. I debuten var Australia direktekvalifisert til finalen og enda på ein femteplass. Det gode resultatet gjorde at Australia fekk delta vidare, og i tevlinga året etter kom landet på ein andreplass etter å ha vunne juryavrøystinga. Australia har sidan blitt ein fast deltakar i Eurovision Song Contest, og har fast plass i tevlinga til 2023.[1] Fram til 2021 kvalifiserte landet seg til finalen alle gongane, og hadde ein 20. plass som dårlegaste plassering.[2] I 2021 mista Australia sin førebels einaste finale, då Montaigne ikkje kvalifiserte seg frå den fyrste semifinalen.[3]
| |||||
---|---|---|---|---|---|
|
|||||
Uttakingar | |||||
Nasjonalt | 3 | ||||
Internt | 6 | ||||
Deltaking | |||||
Debutår | 2015 | ||||
Deltakingar | 9 | ||||
Beste resultat | |||||
Semifinalen | 1 (2016, 2019 og 2023) | ||||
Finalen | 2 (2016) | ||||
Verste resultat | |||||
Semifinalen | 14 (2021) | ||||
Finalen | 20 (2018) | ||||
Poeng | |||||
Semifinalane | 1 383 | ||||
Finalane | 1 539 | ||||
Totalt | 2 922 |
Historikk
endreAustralia har historiske og tette band til Europa, og ein stor del av befolkninga har røter frå ulike europeiske land. Tilknytinga til Europa var ei medverkande årsak til at den australske kringkastaren SBS byrja å sende Eurovision Song Contest allereie i 1983. Dei fyrste åra blei tevlinga sendt i opptak på grunn av tidsskilnaden, og med kommentarane til den legendariske kommentatoren til BBC, Terry Wogan.
Vegen mot Eurovision
endreOpp gjennom åra har også fleire australiarar delteke i Eurovision Song Contest, blant anna Olivia Newton-John og Gina G for Storbritannia i høvesvis 1974 og 1996. Utover 2000-talet byrja SBS å sende sine eigne kommentatorar til tevlinga, og i 2012 fekk kanalen sine kommentatorar sin eigen kommentatorboks på lik linje med dei europeiske deltakarlanda.
Frå 2010 til 2014 heldt SBS si eiga telefonavrøysting der australske sjåarar kunne røyste på finalesongane. Dei australske røystene blei ikkje rekna med i det offisielle resultatet i Eurovision Song Contest.[4] Eit skritt nærare deltaking kom i 2013, då Australia hadde ein eigen videoreportasje i pausen i andre semifinale. Under finalen i 2014 fekk Australia sitt eige pausenummer, leia av Jessica Mauboy, ein av dei store artistane i Australia.[5][6] Mauboy fekk seinare representere landet i 2018.
Debuten
endreFleire ikkje-europeiske land som Israel og Marokko har delteke i Eurovision Song Contest, sidan kringkastingsområdet til EBU også omfattar delar av Midtausten og Nord-Afrika. Australia ligg godt utenfor kringkastingsområdet, og SBS er berre partnarmedlem i EBU. For å kunne delta må kringkastaren vere aktivt medlem av unionen. Australia si stadige tettare tilknyting til tevlinga, og det faktum at Eurovision Song Contest hadde 60-årsjubileum i 2015, gjorde at EBU likevel let Australia få delta i finalen i Wien i 2015. Australia fekk også lov til å røyste i begge semifinalane og finalen. Deltakinga var i utgangspunktet tenkt som eit eingongstilfelle.[7][8]
Nyhendet vakte stor merksemd i Australia, og i mars 2015 valde SBS den fyrste australske Idol-vinnaren Guy Sebastian til å representere landet.[9][10] I finalen kom Australia på ein sterk femteplass med toppoeng frå både Austerrike og Sverige. Noreg gav ti poeng til debutanten.
Ny deltaking
endreDen gode plasseringa, kombinert med engasjementet til Australia, gjorde at EBU let landet få delta på nytt i Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm. Denne gongen måtte Australia gjennom semifinalane, og SBS valde artisten Dami Im og bidraget «Sound of Silence» til å representere landet.[11] Det andre forsøket til Australia gjekk enda betre enn debuten, og «Sound of Silence» vann juryavrøystinga med klår margin. I telefonavrøystinga blei Australia nummer fire, slik at landet enda på ein andreplass samla. Paul Clarke, den australske delegasjonsleiaren, kalla innsatsen til Dami Im i tevlinga for ein «ekte historisk augneblink for australsk musikk, ein augneblink då Europa verkeleg opna armane sine for oss».[12]
Suksessen gjorde at Australia også fekk delta i 2017, og landet har sidan blitt ein fast deltakar i Eurovision Song Contest,[13] men fram til 2019 vurderte EBU frå år til år om Australia skulle få delta. I 2019 sikra SBS seg ein avtale som gjev landet fast plass i tevlinga til 2023.[1] Same år arrangerte også Australia for fyrste gong ein nasjonal finale, Eurovision – Australia Decides, til å velje ut det australske bidraget til Eurovision Song Contest.[14]
Australia fortsatte å kvalifisere seg til finalen kvart einaste år i perioden 2016–2019. I 2021 fekk landet si dårlegaste plassering til då, med ein 14. plass i den fyrste semfinalen. Dette var fyrste og førebels einaste gongen Australia ikkje kvalifiserte seg til finalen.
Kva skjer om Australia vinn?
endreSom følgje av tidsskilnaden og den store geografiske avstanden til Europa, får ikkje SBS arrangere Eurovision Song Contest i Australia om landet skulle vinne. I staden skal SBS inngå eit samarbeid med ein europeisk kringkastar og saman med han arrangere Eurovision Song Contest ein stad i Europa.[8]
Bidrag
endreUnder er ei liste over deltakarane, plasseringane og poenga til Australia i Eurovision Song Contest sidan debuten i 2015.[15]
År | Artist | Song | Språk | Finalen | Semifinalen | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Poeng | Plass | Poeng | Plass | ||||||
2015 | Guy Sebastian | «Tonight Again» | Engelsk | 5 | 196 | Direktekvalifisert | |||
2016 | Dami Im | «Sound Of Silence» | Engelsk | 2 | 511 | 1 | 330 | ||
2017 | Isaiah Firebrace | «Don't Come Easy» | Engelsk | 9 | 173 | 6 | 160 | ||
2018 | Jessica Mauboy | «We Got Love» | Engelsk | 20 | 99 | 4 | 212 | ||
2019 | Kate Miller-Heidke | «Zero Gravity» | Engelsk | 9 | 284 | 1 | 261 | ||
2020 | Montaigne | «Don't Break Me» | Engelsk | Avlyst | |||||
2021 | Montaigne | «Technicolour» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 14 | 28 | |||
2022 | Sheldon Riley | «Not the Same» | Engelsk | 15 | 125 | 2 | 243 | ||
2023 | Voyager | «Promise» | Engelsk | 9 | 151 | 1 | 149 | ||
2024 | Electric Fields |
Røystehistorikk
endreFinalane
endre
|
|
Semifinalane
endre
|
|
Kommentatorar og poengopplesarar
endreAustralske SBS byrja å sende Eurovision Song Contest på fjernsyn i 1983 og brukte kommentarsporet til BBC, med Terry Wogan, fram til 2001. Kanalen brukte igjen BBC-kommentaren i 2002, og igjen frå 2005 og frem til Wogan gjekk av med pensjon i 2008. Frå 2009 har SBS brukt eigne kommentatorar.[16]
År | TV-kommentator(ar) | Poengopplesar |
---|---|---|
1956–1982 | Ikkje sendt | Australia hadde ikkje rett til å delta |
1983–2000 | Ingen kommentar, eller kommentar via BBC | |
2001 | Effie (Mary Coustas)[16][17] | |
2002 | Kommentar via BBC | |
2003 | Des Mangan[17][18] | |
2004 | ||
2005–2008 | Kommentar via BBC | |
2009 | Julia Zemiro og Sam Pang[19] | |
2010 | ||
2011 | ||
2012 | ||
2013 | ||
2014 | ||
2015 | Lee Lin Chin[20][21] | |
2016 | ||
2017 | Myf Warhurst og Joel Creasey | |
2018 | Ricardo Gonçalves | |
2019 | Electric Fields[22] | |
2021 | Joel Creasey | |
2022 | Courtney Act[23] | |
2023 | Catherine Martin[24] |
Galleri
endreSjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Evert Groot (12. februar 2019). «Australia secures spot in Eurovision for the next five years». eurovision.tv. EBU. Henta 12. februar 2019.
- ↑ «Australia – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 13. mai 2018.
- ↑ «Australia fails to qualify for the final of Eurovision for first time». Eurovisionworld. 18. mai 2021. Henta 19. mai 2021.
- ↑ Glen Webb (31. mai 2010). «Australian televoters choose their winner». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 4. desember 2016.
- ↑ «Australia to take part in Eurovision!» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 12. april 2014.
- ↑ «Australian superstar to sing at Eurovision» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 12. april 2014.
- ↑ «Australia to compete in the 2015 Eurovision Song Contest» (på engelsk). Eurovision.tv. 10. februar 2015. Henta 10. februar 2015.
- ↑ 8,0 8,1 «Australia to compete in the 2015 Eurovision Song Contest». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 4. desember 2016.
- ↑ Peter Vincent (11. februar 2015). «Australia (and Austria) to compete in Eurovision 2015». The Sydney Morning Herald. Henta 4. desember 2016.
- ↑ «Guy Sebastian to compete for Australia at the Eurovision Song Contest». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 4. desember 2016.
- ↑ Sanjay (Sergio) Jiandani (11. november 2015). «Australia: SBS confirms participation in Eurovision 2016». esctoday.com. Henta 4. desember 2016.
- ↑ «Australia in Eurovision 2017: Let the artist speculation begin». The Sydney Morning Herald. 1. november 2016. Henta 4. desember 2016.
- ↑ Paul Jordan (31. oktober 2016). «43 countries to participate in Eurovision 2017». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 4. desember 2016.
- ↑ Evert Groot (9. februar 2019). «Australia decides: Kate Miller-Heidke to Tel Aviv». eurovision.tv. EBU. Henta 12. februar 2019.
- ↑ «Australia – Eurovision Song Contest». EBU. Mai 2021. Henta 6. juni 2021.
- ↑ 16,0 16,1 Matthews, Alana (12. mai 2022). «Looking back at Australia's Eurovision commentary on SBS». aussievision (på engelsk). Arkivert frå originalen 15. august 2022. Henta 11. desember 2022.
- ↑ 17,0 17,1 «The special relationship: Australia and its love of Eurovision». ESC Insight - Home of the Unofficial Eurovision Song Contest Podcast.
- ↑ «Eurovision scandal - SBS dumps Wogan! - inthemix Forums». inthemix.com.au.
- ↑ Knox, David (17. november 2015). «SBS Upfronts: 2016: Eurovision, drama, comedy & docos.». TV Tonight. Henta 17. november 2015.
- ↑ «Honestly, did you really think anybody else would be up to the task? #TheFeedSBS #SBSEurovision». Twitter. The Feed SBS. Henta 18. mai 2015.
- ↑ http://www.sbs.com.au/programs/eurovision/article/2016/04/29/stockholm-calling-how-be-memorable-eurovision-voting-correspondent
- ↑ Herbert, Emily (30. april 2019). «Australia: Electric Fields Revealed as Eurovision 2019 Spokespersons & Jury Members Announced». Eurovoix (på engelsk). Henta 8. mai 2019.
- ↑ Granger, Anthony (10. mai 2022). «🇦🇺 Australia: Courtney Act Revealed as Spokesperson For Eurovision 2022 Alongside Jury Members». Eurovoix (på engelsk). Henta 13. mai 2022.
- ↑ Granger, Anthony (10. mai 2023). «🇦🇺 Australia: Catherine Martin Announced as Spokesperson for Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 12. mai 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Australia i Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på bokmål, den 9. august 2023.