Anfin Rosendahl (fødd 9. januar 1957) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Bergen som i åra 1979-82 vart norsk meister fire gongar på 3 000 meter hinder, to gongar på 1500 meter og ein gong på 5 000 meter. Han var medlem i Idrottslaget Gular.

Anfin Rosendahl
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. januar 1957 (67 år)
Idrett friidrett

Rosendahl innleia under NM i friidrett 1979 ei rad med sigrar på tre ulike løpsdistansar. Han vann då NM-gull på 3 000 meter hinder og på 1500 m. Året etter vart han noregsmeister på dei same distansane, i tillegg sprang i mål til gullmedalje på 5 000 m. Spurtsterke Rosendahl heldt så fram med å vinne 3 000 m hinder ved noregsmeisterskapen i 1981 og i 1982. Ein skade gjorde at han tevla lite frå 1983 av.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

I 1976 og 1977 var Rosendahl med på å vinne NM-gull til Gular i 4 x1500 m stafett, i 1985 og 1987 fekk han NM-sølv i same øvinga.

Personlege rekordar endre

  • 1500 m: 3.40,1 (1980)
  • 5 000 m: 13.44,4 (1980)
  • 3 000 m hinder: 8.33,8 (1979)

Kjelder endre