Idrottslaget Gular

Idrottslaget Gular (IL Gular) er eit idrettslag heimehøyrande i Bergen. Laget vart stifta av bygde-og bondeungdomslaga i byen den 25. september 1946. Gular er aktivt med i friidrett og orientering, og medlemer i laget har sanka ei lang rekke NM-titlar i begge desse idrettsgreinene.

IL Gular eig Gularhuset i Sandviken i Bergen. Bygninga vart kjøpt i 1974 for å skaffe husvære til lagsmedlemer innflytta frå andre stader.

Friidrettsutøvarane Arne Hamarsland, Thor Solberg, Arne Risa, Stein Sletten, Knut Hjeltnes, Anfin Rosendahl, Atle Douglas, Quincy Douglas, Ingvill Måkestad og orienteringsløparen Jon Tvedt har alle vore landskjende Gular-medlemer.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre