For fiskekrokar, sjå ongul.

Angel er ein fjernsynsserie skapt av Joss Whedon og David Greenwalt for 20th Century Fox. Serien er ein avleggar av Buffy the Vampire Slayer og gjekk i fem sesongar frå 1999 til 2004. Serien kan minne noko om ein detektivserie, og slektar noko på X-files.

Angel

Typefjernsynsserie, spin-off
SjangerOvernaturleg drama
OpphavslandUSA
Produksjonsland USA
Introduksjonsår1999
Sesongar5
Episodar110
Lengd41-45 minutt
SpråkEngelsk
SkaparJoss Whedon, David Greenwalt
ProdusentJoss Whedon
ManusJoss Whedon, Marti Noxon
Basert påBuffy the Vampire Slayer
RegiJoss Whedon
ProduksjonsleiarJoss Whedon
David Greenwalt
Tim Minear
Jeffrey Bell
David Fury
Fran Rubel Kuzui
Kuz Kuzui
MusikkDarling Violetta
MedverkandeDavid Boreanaz
Charisma Carpenter
Glenn Quinn
Alexis Denisof
J. August Richards
Amy Acker
Vincent Kartheiser
Andy Hallett
James Marsters
Mercedes McNab
Periode5. oktober 1999–
19. mai 2004
KanalThe WB
Biletformat480i (SDTV) (sesongar 1-2, Sesong 2 er i 16:9 i DVD utgjevinga)
480i (SDTV) Letterbox 16:9 (Sesongar 3-4)
1080i (HDTV) (Sesong 5)
LydformatDolby Surround

Handling endre

Handlinga i Angel er lagt til Los Angeles, der Angel set opp sitt eige byrå for å kjempe mot vondskapen. Han får hjelp av Cordelia Chase (Charisma Carpenter) som gjekk på skole med Buffy, og halvdemonen Allen Francis Doyle (Glenn Quinn). Etter kvart får han òg hjelp av Wesley Wyndham-price (Alexis Denisof), gateguten Charles Gunn (J. August Richards), demonen Lorne (Andy Hallett, og ei ung jente, Winifred Burkle (Amy Acker), kalla Fred. Vampyrjegeren Faith Lehane )Eliza Dushku) og vampyren Spike kjem òg til som hjelparar. Vondskapen vert snart synleg i advokatfirmaet Wolfram and Hart, som gjer alt dei kan for å manipulere Angel. Til slutt i serien vert vondskapen openberra og serien sluttar med ein open kamp. Innan den tid er fleire av venene til Angel falne, og sluttscena har att fire (Angel, Gunn, Spike og demonen Illyria) i kamp med ein hær av djevlar og styggedom.

Soga til Angel endre

Angel (David Boreanaz) heitte opphavleg Liam og vart fødd i Irland i 1727. Då han var 26 år vart han kasta ut frå heimen, mest av di han synte seg som ein udugeleg son, og ramla på fylla i den nærliggande landsbyen. Her vart han fanga opp av vampyren Darla (Julie Benz), som gjorde han til vampyr. I lag med Darla slakta han ned heile landsbyen sin og drap alle i familien han kom frå. Etter det tok han namnet Angelus, og herja over heile Europa dei følgjande hundre åra. Som vampyr var Angelus farleg og vondhuga. I 1860-åra tok han «omsut» for Drusilla (Juliet Landau), ei ung, synsk jente, og dreiv henne frå vitet før han gjorde henne til vampyr. Drusilla gjorde seinare det same med den unge diktaren William Pratt, som vart til vampyren Spike (James Marsters). Desse fire fór herjande over verda, til Angelus drap ei ung sigøynarjente i Budapest i 1898. Sigøynarane hemna drapet ved å forbanne Angelus, og tvinga sjela til Liam attende i vampyren Angelus. Frå då av vart han nøydd til å lide under dei vonde gjerningane han hadde gjort, og sleit med dårleg samvit. Samstundes kalla han seg Angel.

Forbanninga verka slik at han aldri kunne oppleve ein augneblink med rein lukke. Hende dette, ville sjela fara utor han, og Angelus ville koma fram, like vondhuga som før. Difor lyt Angel halde seg borte frå lukka, men freistar å sone for fortida si ved å hjelpe dei gode, og verne om vampyrjegeren.

Sunnydale endre

Buffy Summers vart kalla til å vera vampyrjeger om lag 1996. På same tid levde Angel eit liv som uteliggar i Los Angeles, og vart plukka opp av ein demon som kalla seg Whistler. Whistler ønskte å syne Angel eit betre liv. Då hadde han levd på rotter i om lag tjuge år. Frå han såg Buffy, skjøna han at han hadde eit mål att, og følgde etter henne då ho flytte til Sunnydale. Her vart han rådgjevar, hjelpar, og med tida kjærasten hennar. I andre sesong av Buffy the Vampire Slayer låg dei med kvarandre første gong, noko som førte til at Angel opplevde fullkomen lukke og miste sjela si. For å redde verda laut Buffy sende Angelus til Helvete, nett samstundes som Willow Rosenberg (venninna av Buffy), fekk sjela hans attende.

Sidan vart Angel send attende, og streva endå meir enn før med soninga si. Han laut vedgå at det ikkje kunne koma til noko godt samliv med Buffy, og vart plaga av skuldkjensle for dette med. På slutten av tredje sesong i den opphavlege TV-serien braut han opp frå Sunnydale og reiste til Los Angeles.

Los Angeles endre

I Los Angeles byrja Angel si eiga jakt på vampyrar og andre beist. Det tok ikkje lang tid før halvdemonen Doyle tok kontakt med han, og saman tufta dei Angel Investigations, eit slag detektivbyrå for overnaturlege saker. Cordelia Chase, som var i byen på leit etter ein karriere som skodespelar utan å lukkast, kom til som sekretær i byrået. Doyle hadde vitringar frå dei høgare maktene, og dette var trådane byrået gjekk etter. Då Doyle ofra livet for ei gruppe ufarlege demonar, sytte han for at desse vitringane gjekk over på Cordelia. Men av di ho var eit vanleg menneske, laut ho stri di hardare med å ta imot dei. Etter at Doyle døydde, slutta Wesley Wyndham-Pryce seg til. Han hadde før vore vaktar for Buffy Summers og Faith Lehane, utan å lukkast. Med tida gjorde han ein langt betre jobb for Angel. Angel fekk òg kontakt med ein gjeng vampyrslaktarar leia av Charles Gunn, og Gunn vart med tida med på laget. Samstundes freista Angel å berge så mange som råd. Mellom dei var Faith Lehane, som var hyra inn av Wolfram and Hart for å skade Angel. Ho skjøna at ho laut sone eit drap ho gjorde i Sunnydale, og avtala med Angel at ho skulle gå i fengsel.

Wolfram and Hart, det vonde advokatbyrået, skjøna snart at Angel var ein ny og svært farleg spelar og motstandar. Difor freista advokatane der støtt å leggje feller for han. Mot slutten av første sesongen får Angel tak i Shanshu-profetien, som spår at ein vampyr med sjel skal spela ei rolle i det store verdsdramaet, og slik bli menneske att. Angel freistar å halde seg til dette, og får eit mål om å vinne kampen mot vondskapen.

For å gjera Angel meir skade, mana advokatane fram Darla frå dei daude for å plage Angel, og ho vart kalla attende til livet som menneske. Angel vart med tida driven frå vitet av dette, men freista å berge sjela hennar frå fortaping. Nett då dette var ved å lukkast, vart Darla gjort til vampyr att, av Drusilla, ho-vampyren Angelus hadde skapt. Dette gjorde Angel så harm at han oppløyste byrået sitt og tok dei to på eiga hand. Drusilla reiste attende til Sunnydale for å plage Spike (fjerde sesong av Buffy), medan Angel valdtok Darla og sende henne på dør.

Etter dette reiste Angel byrået sitt på beina, sjølv om det no var Wesley som førte det, ikkje han sjølv, og han laut vinne tilliten til venene sine att. I dette arbeidet laut dei berge ei jente som var fanga i ein annan dimensjon, der ho hadde sete fast i fem år. Slik vart den unge fysikkstudenten Winifred Burkle med i gruppa. Dimensjonen var heimen til empatidemonen Lorne, som dreiv ein karaokebar der han las sjelene til folk og demonar som song.

Darla kom att, og no synte det seg at ho var med barn. At to vampyrar skulle få born var utenkjeleg, men det var skjedd. Medan dette stod på, vart ein gamal hemnar, Daniel Holtz, kalla attende frå ein to hundre år lang dvale. Han trega Angelus og Darla av di dei hadde drepe og ete familien hans, og ville ta livet av Angel. Darla skjøna at barnet ho bar, var ein gut med sjel, og orka ikkje tanken på å leva sjellaus etter han var fødd. Då ho skulle føde, sette ho ein stake i hjartet sitt og vart til støv. Guten vart kalla Connor, og det vart knytt ein spådom til han, som vart skriven om for å rote til framtida. Wesley tolka spådomen slik at han rømde med barnet, og guten vart teken av Holtz til ein djup helvetesdimensjon, der Connor var til han var atten år. I Los Angeles hadde det då gått to månader, og Angel fekk sonen sin att som tenåring.

Cordelia sleit så hardt med synegåva si at ho mest vart drepen av det. Ein demon baud då at ho kunne velje kva liv ho ville ha, og ho valde eit liv som halvdemon for å hjelpe Angel. Den same demonen, Skip, sende henne til ei høgare verd, der ho skulle leve som lysvesen, utan å kunne hjelpe Angel eller dei andre. Men venene kalla ho attende, og når ho så kom, var ho teken over av eit vesen som styrte henne til vondskap. Under denne påverknaden låg ho med Connor og fekk eit barn som var mektig og vondhuga. Samstundes fall ho i koma og vart liggande slik til ho døydde året etter. Angel og venene hans greidde å vinne over vondskapen, som kom som ei ven kvinne. Ho lova fred og lukke i heile verda, men ingen fri vilje. Dette hindra Angel, og Wolfram and Hart takka han ved å gje han fast arbeid.

Siste sesong av Angel er bygd opp kring arbeidet Angel gjorde i Wolfram and Hart. Mykje av tida vert nytta på å finne ut kva han i røynda skal der, og dei gamle felagane hans, mellom dei Buffy Summers og jegerhæren hennar, lit ikkje lenger på han. Han finn fram til ein indre krins av vondskap, og arbeider for å vinne over dei «innanfrå». Det blir ikkje lettare for han då Spike kjem attende med sjel i siste sesong av serien. Frå då vert kampen om spådomen ein kamp om kven av desse spådomen gjeld. Og det kan jamvel vere at det som er spådd, alt har hendt (til dømes i slutten av Buffy). Fred vert teken over av ein gamal demon, og sjela hennar svinn til inkje. I det siste åtaket får Wesley banesår, og av alle venene står berre Fred/demonen Illyria, Spike, og Gunn att medan ein sverm av djevlar og ubeist kjem mot dei. Siste setninga i serien kjem frå Angel: «Gå laus på dei, folkens. Eg skal ta draken!» Slutten er heilt open.

Emne endre

Emna i Angel krinsar mykje kring skuld og soning, frie val og lagnad. Serien er bygd opp som ein tragedie, der vondskapen tykkjest liggje eit hestehovud framfor Angel heile vegen. Difor vert serien òg rekna som mørkare i tonen enn Buffy-serien, som endar med ei lys tone. Angel-serien er rekna for eit noko eldre publikum enn Buffy, men er likevel vorten ein kult-serie, og mange av episodane er knytt opp mot parallell-episodar i dei siste sesongane av Buffy-serien.

Kjelder endre