Angel of Death av Thin Lizzy
Angel of Death Singel av Thin Lizzy frå albumet Renegade | ||
Utgjeve | 1982 | |
Sjanger | Hardrock, heavy metal | |
Lengd | 6:18 | |
Selskap | Warner Bros. Records (USA) | |
Låtskrivar(ar) | Phil Lynott, Darren Wharton |
---|
«Angel of Death» er ein song av rockebandet Thin Lizzy gjeven ut på albumet deira Renegade i 1982,[1] og gjeven ut på singel i USA. Songen nådde 38. plassenen på Mainstream Rock-lista.[2] Songen var eit samarbeid mellom bandleiar Phil Lynott og Darren Wharton, som hadde vorte med i bandet som klaverspelar i 1980.«Angel of Death» vart urframført live i august 1981 då teksten var ganske ulik frå dei seinare utgitte versjonane.[3] Songen var opningsnummeret under Renegade-turneen i 1981/2, og starta med lyden av luftvernssirene medan bandet gjekk inn på scena. «Angel of Death» var òg ein integrert del av Thunder and Lightning-turneen i 1983.
Ulike versjonar
endreDet er gitt ut tre versjonar av songen framført av Thin Lizzy:
Versjon 1 var studioinnspelinga med Lynott, Downey, Gorham, White og Wharton på Renegade og singel.
Versjon 2 var eit konsertopptak frå Hammersmith Odeon, 27. november 1981 med Lynott, Downey, Gorham, White og Wharton. Denne vart gitt ut som bonusspor på Cold Sweat og på 12"- og dobbelsingel.
Versjon 3 var truleg konsertopptak frå Hammersmith Odeon, 12. mars 1983 med Lynott, Downey, Gorham, Wharton og Sykes og kom ut på albumet Life.
Gitarsoloen på alle tre versjonane er av Scott Gorham.
Bakgrunn
endreSangen vart inspirert av ei bok om profetiane til Nostradamus som Phil Lynott las. «Det er ei veldig populær bok i Frankrike no. Nyleg har salet teke seg opp på grunn av depresjonen og på grunn av den kalde krigen». Han sa at ein dødsengel ville komma og skapa eit holocaust som alle reknar for å vera ein atomkrig.[4] Eg var nettopp ferdig med å lesa profetiane til Nostradamus og tenkte det ville vera ein god idé å skriva om det. Så eg plukka ut to store katastrofar som han profeterte, og eg gav det snakkande stykket der eg spør folk om dei trur på det. Så snakkar eg om ein personleg tragedie - ein person som ser far sin døy - ein personleg katastrofe og i utgangspunktet dødsengelen som kjem ned for å øydeleggja verda eller for å ta deg til helvete. Han er ikkje full av humor og liv, er han vel?»[5]
Trass i det lyriske innhaldet var far til Lynott, Cecil Parris, framleis i livet då songen vart spelt inn, og levde til slutt 26 år lengre enn sonen sin, før han døydde i 2012.[6]
Reaksjon
endreLåten skilde seg ut på Renegade-albumet som ein hardrockar i kontrast til dei andre mjukare, meir varierte låtane. Han var likevel ikkje universelt populær, sjølv i bandet. Scott Gorham har sagt: «Eg hata 'Angel of Death', til og med tittelen. Kom igjen, blir me corny igjen? Fy f--n.»[7] Seinare nemnde likevel gitaristen John Sykes songen som ein grunn til at han vart med i bandet: «Høyrde du Renegade-albumet? Bandet såg ut til å mista sporet av rockekjensla i alt. Bortsett frå det første sporet. 'Angel of Death' var det beste sporet.»[8]
Andre versjonar
endreSongen har blitt spelt av Iron Maiden og vart innspelt under A Matter of Life and Death-albumet, men aldri gitt ut. Death metal-gruppa Vader[9] og power metal-gruppa Gamma Ray spelte òg songen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Angel of Death (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Prato, Greg. «Renegade - Thin Lizzy». AllMusic. Henta 26. april 2023.
- ↑ Dougan, John. «Thin Lizzy». AllMusic. Henta 26. april 2023.
- ↑ Lorelei, Rockpalast tysk TV, 29. august 1981
- ↑ Phil Lynott-intervju, Rock On, BBC Radio 1 28. november 1981
- ↑ Phil Lynott-intervju, Capitol Radio, 26. november 1981
- ↑ Cowboy Song: The Authorised Biography of Philip Lynott av Graeme Thomson, Constable (Little Brown Book Company) 2016
- ↑ Elliott, Paul (1991). «The Return of the Electric Warrior (Interview with Scott Gorham)». Sounds. 26. januar 1991: 12.
- ↑ John Sykes intervjuet på Radio Clyde, 1982
- ↑ «Vader - Revelations / Blood (Box Set, Album) hos Discogs». Discogs.com. 6. oktober 2008. Henta 4. januar 2012.