Anja Hammerseng-Edin

(Omdirigert frå Anja Edin)

Anja Marie Hammerseng-Edin[1] (fødd Anja Marie Edin5. februar 1983) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Porsgrunn som vann EM-sølv 2012 og VM-bronse 2009 med Noregs landslag. Ho var rykkromspelar, ofte i rolla som spelstyrar.

Anja Hammerseng-Edin


Fødenamn Anja Marie Edin
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. februar 1983 (41 år)
Porsgrunn
Idrett handball

Karriere endre

Klubbspel endre

Edin spelte fram til 2001 på Herøya, eit lag ho hjelpte til opprykk til nivå 2 i seriesystemet. Sjølv melde ho overgang til Gjerpen IF i eliteserien. Allereie sommaren 2002 skifte ho over til Sola HK, ein klubb ho var aktiv i fram til 2004. Perioden 2004-08 var ho atter Gjerpen-spelar. Den neste fireårsperioden spelte ho på Storhamar IL. Til sist tente ho Larvik Håndballklubb, det dominerande kvinnelaget i norsk handball i fem år. Gjennom dei fem sesongane frå 2012 til 17 var ho med om å vinne samtlege cup- og seriemeisterskap.

Landslagsspel endre

Edin deltok i to landskampar våren 2006. Etter eit opphald på over tre år, spelte ho 57 landskampar i åra 2009-13. I denne perioden var ho i med troppa som vann bronsefinalen under VM 2009 i Kina. Tre år seinare var ein viktig spelar i det norske mannskapet som tok seg til finalen i europameisterskapen 2012, ho skåra fire mål i finalen mot Montenegro, ein kamp som enda med tap 31–34. I sin siste internasjonale meisterskap, VM 2013, bidrog ho heller lite og fekk ikkje fleire landskampar. På 59 kampar med flagget på brystet skåra ho 143 mål.

Familie endre

Anja Hammerseng-Edin gifta seg med Gro Hammerseng-Edin i 2013.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Tonje Steen (23. oktober 2016). «Fikk fødselstilbud fra mangemillionær». Dagbladet.no.