Ann-Mari Andersen

Ann-Mari Andersen (fødd 1. desember 1969) er ein norsk samisk songar og musikar frå Kautokeino. Ho har fleire albumutgjevingar bak seg og syng i ei rekkje sjangrar – alt frå salmesong til techno-pop. I 2008 deltok ho i Melodi Grand Prix 2008 med låten «Ándagassii» – den fyrste samiskspråklege songen i tevlinga på 28 år, etter «Sámiid ædnan» i 1980.

Ann-Mari Andersen
Fødd1. desember 1969 (55 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Ann-Mari Andersen er fødd og oppvaksen i Kautokeino i Finnmark. Andersen var ni år då ho byrja å spele gitar, og ho byrja også etter kvart å traktere piano, men gitaren vart verande som hovudinstrumentet. Seinare har ho like gjerne opptredd åleine med gitaren sin som med fullt band.[1][2]

Musikkarriere

endre

Andersen har vore gjennom mange musikkstilar og -sjangrar i løpet av karrieren. I ungdomsåra var ho engasjert i alt frå barnekor og ungdomskor, til gospelkor og rockeband. Andersen spelar ei blanding av moderne pop kombinert med ethno- og world music, og ho syng både på samisk og engelsk.

I 1993 deltok Andersen i Sámi Grand Prix i Kautokeino med songen «Ráhkisvuohta seamma lea», og vann.[3] Sigeren gav ho motivasjon til å jobbe vidare med musikk. I år 2000 var Andersen engasjert ein periode ved det samiske nasjonalteateret, Beaivváš Sámi Teáhter. Teateret sette opp ein musikalsk kabaret med den kjende regissøren Nils Gaup som vegvisar. Med kabareten følgde det framsyningar og turné både i Noreg og Finland.[4]

Andersen vart kjend for eit større publikum i 2008, då ho deltok i Melodi Grand Prix med songen «Ándagassii» (norsk omsetjing 'tilgjeving').[5] Ho vann delfinalen i Stavanger og nådde finalen i Oslo Spektrum. Songen var den fyrste samiske songen i Melodi Grand Prix på 28 år.[6]

Andersen har gjeve ut tre album: Ija hearva (2003), produsert av Svein Schultz, som blant anna fekk terningkast 5 i Dagbladet; Ándagassi (2009), produsert av Stein Austrud, som inneheld både tittellåten «Ándagassii» og songen «Du lahka», som klatra til andreplass på Norsktoppen sommaren 2007.[7]

I 2011 gav Andersen ut albumet Hosianna!, som inneheld både nye og gamle salmar og andre åndelege songar. Alle utgjevingane er gjevne ut av plateselskapet til Andersen, Guldal Rec.

Diskografi

endre
  • 2003: Ija hearva (album)
  • 2005: Juovlaráfi (EP)
  • 2007: Du lahka (singel)
  • 2009: Ándagassii (album)
  • 2011: Hosianna! (album)
  • 2019: Buorit juovllat (album)

Kjelder

endre
  1. NRK. «Ann-Mari Andersen». NRK (på norsk bokmål). Henta 8. april 2018. 
  2. Olsen, Lars Richard (7. februar 2013). «Vant kulturprisen». altaposten.no (på norsk bokmål). Henta 8. april 2018. 
  3. «Mer enn snø og vidde» (på norsk). Henta 8. april 2018. 
  4. «guldalrec.no/våre artister». guldalrec.no. Henta 8. april 2018. 
  5. «Blomstringstid for samisk musikk». www.moss-avis.no (på norsk). 26. september 2009. Henta 8. april 2018. 
  6. «Samiske takter i Grand Prix». Adresseavisen (på norsk bokmål). Henta 8. april 2018. 
  7. «Ann-Mari Andersen: Ándagassii (CD)». Samisk bibliotektjeneste - Sámi girjerádjubálvalus (på norsk bokmål). 14. september 2009. Arkivert frå originalen 9. april 2018. Henta 8. april 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre