Anna (Go to Him)
av Arthur Alexander
B-side

«I Hang My Head and Cry»

Språk engelsk
Utgjeve 17. september 1962
Sjanger Soul
Lengd 2:48
Selskap Dot Records
Komponist Arthur Alexander
Tekstforfattar Arthur Alexander
Låtskrivar(ar) Arthur Alexander
Produsent Noel Ball[1]
Arthur Alexander-kronologi 
«Soldier of Love (Lay Down Your Arms)»
(1962)
Anna (Go to Him) «Go Home Girl»
(1962)


«Anna (Go to Him)», eller berre «Anna», er ein song skriven og først spelt inn av Arthur Alexander. Versjonen hans kom ut som ein singel på Dot Records den 17. september 1962. Ein versjon vart framført av den engelske rockegruppa The Beatles og inkludert på debutalbumet deira Please Please Me i 1963.

Bakgrunn endre

I følgje Richie Unterberger, skribent for AllMusic:

« 'Anna' var ein av dei første store soulballadane, sjølv om den byksande rytmen var nærare ein mellomrask song enn ein langsam ballade. Som fleire av songane til Alexander vart han meir kjend i ein coverversjon enn originalversjonen vrt. Og han vart faktisk ein liten hit då han først kom ut i 1962, og ådde 68. plassen på poplista og 10. plassen på R&B-lista.[2][3] »

Kritikar Dave Marsh rangerer Alexander sin «Anna (Go to Him)» som ein av dei 1001 beste singlane gjennom tidene.[1] Han lovpriste den «lett svingande rytmen,» den seige, synkoperte tromminga, og vokalen til Alexander, særleg byrjinga av refrenget, som indikerer at John Lennon kan ha lært seg å syngje balladar som «In My Life» med å lytte til songane til Alexander.[1]

The Beatles-versjonen endre

Anna (Go to Him)
Song av The Beatles
frå albumet Please Please Me
Utgjeve 22. mars 1963
Innspelt 11. februar 1963
Lengd 2:54
Selskap Parlophone
Komponist Arthur Alexander
Tekstforfattar Arthur Alexander
Låtskrivar(ar) Arthur Alexander
Produsent George Martin

Songen var ein av John Lennon sine personlege favorittar,[4] og vart ein del av det tidlege reperatoaret til The Beatles, og spelt inn for debutalbumet deira i 1963, Please Please Me.[5] Det er den førte songen gruppa gav ut som nemner namnet på ei jente. I USA gav Vee Jay Records ut albumet på Introducing... The Beatles (10. januar 1964) og Capitol Records gav han ut på The Early Beatles (22. mars 1965).[6] Vee Jay gav òg ut «Anna (Go to Him)» på EP-en Souvenir of Their Visit: The Beatles i USA[7]

Bandet spelte inn songen den 11. februar 1963 på tre forsøk. Det tredje forsøket vart masteren. Han vart miksa den 25. februar.[8] George Harrison spelte gitarfrasane på innsppelinga. Floyd Cramer spelte desse frasane på piano på originalutgåva til Alexander.[9]

Dei framførte «Anna (Go to Him)» den 17. juni 1963 på BBC-radioshowet Pop Go the Beatles. Programmet vart sendt 25. juni. Dei framført han ein gong til, 1. august 1963 for programmet som vart sendt 27. august.[10]

Medverkande endre

Lydteknikar var Norman Smith

Personell frå MacDonald[9][11]

Humble Pie-versjonen endre

I 1974 spelte Humble Pie inn songen for albumet Thunderbox, det sjuande studioalbumet deira. Deira versjon er meir i ein rhythm and blues-stil med koristane The Blackberries, Carlena Williams, Venetta Fields og Billie Barnum.

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Marsh, D. (1999). The Heart of Rock and Soul. Da Capo Press. s. 320. ISBN 9780306809019. 
  2. Unterberger, Richie. «Review of «Anna (Go to Him)»». AllMusic. Henta 10. mars 2018. 
  3. «Arthur Alexander Billboard Singles». AllMusic. Henta 10. mars 2018. 
  4. Harry, Bill (2000). The Beatles Encyclopedia: Revised and Updated. London: Virgin Publishing. s. 28–29. ISBN 0-7535-0481-2. 
  5. Lewisohn, Mark (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. s. 200. ISBN 0-517-57066-1. 
  6. Lewisohn, Mark (1988). The Beatles Recording Sessions. s. 201. 
  7. Cross, Craig (2005). The Beatles: Day-by-Day, Song-by-Song, Record-by-Record. Lincoln, NE: iUniverse, Inc. s. 544. ISBN 0-595-34663-4. 
  8. Lewisohn, Mark (1988). The Beatles Recording Sessions. s. 24, 26. 
  9. 9,0 9,1 MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). s. 72–73. ISBN 1-84413-828-3. 
  10. Harry, Bill (2000). The Beatles Encyclopedia: Revised and Updated. s. 877–878. 
  11. «Anna (Go To Him)». The Beatles Bible. Henta 10. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff endre