Anna Maria van Schurman
Anna Maria van Schurman (5. november 1607–4. mai 1678) var ein nederlandsk målar, poet, forfattar og lærd.[1] Ho var kjend for kunnskapane sine innan filosofi, teologi, medisin og minst 14 språk,[1] og blei sett på som eit universalgeni.[2] Ho var den fyrste kvinna i Nederland som studerte ved eit universitet.[3][4]
Anna Maria van Schurman | |
Statsborgarskap | Dei sameinte Nederlanda |
Fødd | 5. november 1607 Köln |
Død | |
Yrke | lyrikar, skribent, filosof, teolog, kunstmålar, grafikar, raderer, glass engraver, kalligraf, filolog, historikar, medic, kunstnar, grafikar |
Språk | latin, fransk, tysk, gamalgresk, nederlandsk, engelsk, hebraisk, italiensk, arameisk, gammalsyrisk, arabisk, persisk, geez |
Religion | Protestantisme |
Anna Maria van Schurman på Commons |
Biografi
endreVan Schurman blei fødd i Köln, og heldt til storparten av livet i Utrecht i Nederland.[1]
Ho opparbeidde seg språkkunnskapar i blant anna tysk, fransk, gammalgresk, latin, hebraisk, arameisk, arabisk, syrisk, persisk og etiopisk.[1] Ho skreiv lyrikk på fem språk, og forfatta dessutan ein etiopisk grammatikk.[1]
I 1636 studerte Van Schurman ved universitetet i Utrecht. Forutan å følgje lukka førelesingar, var ho også til stades på disputasar og føredrag som var opne for alle. Ho studerte språkfag og medisin, men framfor alt teologi.[4]
I løpet av livet brevveksla Van Schurman med ei rekkje framståande personar i Europa, mellom dei Elisabeth Stuart, Simonds d'Ewes, Samuel Rutherford og Henrietta Maria av Frankrike.[1] Van Schurman spela ei nøkkelrolle i eit nettverk av europeiske lærde kvinner, som forutan ho bestod av blant andre Birgitte Thott, Christina av Sverige, Marie le Jars de Gournay, Batsua Makin og Dorothea Moore.[4]
Gjennom bruk av syllogismar (ein metode som også blei brukt av dei lærde i mellomalderen), argumenterte Van Schurman for at kvinner burde få utdanning innan alle felt, men ikkje burde bruke utdanninga si i yrkeslivet, i tillegg til at utdanninga ikkje burde blandast med pliktane deira i heimen.
Utvalde verk
endre- De Vitae Termino (Om livets ende). Publisert i Leiden, 1639. Omsatt til nederlandsk som "Pael-steen van den tijt onses levens," publisert i Dordrecht, 1639.
- Dissertatio De Ingenii Muliebris ad Doctrinam, & meliores Litteras aptitudine. Paris, 1638, og Leiden, 1641. Omsatt til fleire språk, inkludert nederlandsk, fransk (1646), og engelsk (1659, med tittelen "The Learned Maid or, Whether a Maid may be a Scholar").
- Opuscula Hebraea, Graeca, Latina, Gallica: prosaica adque metrica. Utrecht, 1648.
- Ei utgåve av hennar samla verk, inkludert korrespondanse på fransk, latin, gresk og hebraisk. Utgåva blei trykka opp att i 1650, 1652, 1723 og 1749.
- Eukleria seu Meliores Partis Electio. Publisert i Altona, 1673. Hennar sjølvbiografi, forfatta på latin. Omsatt til nederlandsk og tysk.
Ettermæle
endreDen amerikanske kunstnaren Judy Chicago gav Van Schurman ein av 39 plassar ved middagsbordet i kunstinstallasjonen The Dinner Party.[5]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «About Anna Maria van Schurman». www.annamariavanschurman.org (på engelsk). Henta 14. september 2017.
- ↑ «Anna Maria van Schurman». 19. november 2005. Arkivert frå originalen 19. november 2005. Henta 14. september 2017.
- ↑ «Anna Maria van Schurman». Oxford Bibliography. Oxford University Press. Henta 23. september 2019.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «The first female university student: Anna Maria van Schurman (1636)». www.annamariavanschurman.org (på engelsk). Henta 30. september 2017.
- ↑ «Brooklyn Museum: Place Settings». www.brooklynmuseum.org. Henta 14. september 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Anna Maria van Schurman» frå Wikipedia på bokmål, den 26. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Nettsida Anna Maria van Schurman, redaktør: Pieta van Beek (1958– )