Anna Welle Grue (3. juli 186222. januar 1944)[1] var ei norsk kvinnesakskvinne og målkvinne.

Anna Welle Grue
Fødd 3. juli 1862
Død

22. januar 1944 (81 år)

Ho var dotter av folkeskulelæraren Johannes Welle (f. 1828) frå Ørsta og Inger Welle (f. 1842) frå Ringerike og voks opp i Oslo. Johannes Welle var med i målmiljøet kring Ivar Aasen, så Anna Grue møtte tidleg både målreisingstanken og mange sentrale målfolk.

Anna Grue var ei av dei fyrste kvinnene som tok mellomskuleeksamen med latin, og ho tok lærareksamen. Ho arbeidde fleire år i folkeskulane i Oslo og ei tid underviste ho i matematikk ved Gjønnæs' private høyere skole. I 1888 gifte ho seg med Jon Grue, og ho slutta då som lærar.

Som temmeleg ung vart ho kasserar i Kristiania Arbeidersamfunn, og her møtte ho Fredrikke Marie Qvam. Dermed vart Grue den fyrste kasseraren i Norsk kvinnesaksforening.

I 1895 vart Anna Grue kasserar i den nyskipa Målkassa, som skulle samla inn pengar til inntekt for målarbeidet, og som i røynda fungerte som ein landsorganisasjon for målarbeidet. Ho hadde vervet til 1899 og fekk dermed ei sentral rolle i det viktigaste tiltaket Målkassa skipa til i perioden, målmarknaden i Oslo hausten 1898. Også her styrte Grue med økonomien.

Det er likevel kvinnesaksarbeidet ho framfor noko er kjend for. I ei årrekkje var ho sentral i Norske kvinners sanitetsforening. Ho etterfølgde Fredrikke Marie Qvam som formann 1933-35, men hadde i røynda fungert som formann sidan 1921.

Mannen Jon Grue styrte åndssvakeskulen på Lindern som i 1903 vart flytt til Levanger og vart Røstad skole. Frå denne tida engasjerte ho seg òg mykje i omsorga for og opplæringa av born med lærevanskar.

Kjelder endre

Notar endre

  1. Anna Grue i folketeljinga 1910 for Levanger[daud lenkje]; innmelde dødsfall i Aftenposten, 24.1.1944, dødsdato bør kontrollerast

  • Schram, Constance Wiel. (1995 [1946]). Norske kvinners sanitetsforening: tiden og menneskene som skapte den. Vekst og virke i femti år. 1896 - 1946. Veiviser til velferdssamfunnet (Bd. 1). Oslo: Foreningen, biografisk omtale s. 189-194. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Bjørhusdal, Eli. (2001). Målkvinner før 1900. Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet, 12. Volda: Høgskulen i Volda.