Røstad skole (Røstad offentlige skole) var ein statleg skule for born med lærevanskar i Levanger i Trøndelag. Skulen opna i 1903 etter at staten i 1896 hadde overteke den eine av dei to spesialskulane i Oslo, Institutt for Åndssvake Gutter på Lindern i Oslo som var skipa og driven av Hans Hansen. Flyttinga skulle dekkja behovet for ein slik skule nordafjells.

Arbeidet med oppføringa av skule- og internatbygningen tok til i 1900 etter at Stortinget i 1899 hadde vedteke å kjøpa garden Røstad ved Levanger og plassera skulen her. I juli 1903 kom den fyrste flokken frå Oslo til Røstad - dei gjenverande elevane, to lærarar og internatpersonalet, totalt 50 personar. Skulen hadde frå byrjinga 28 tilsette, og dei fleste var overflytte frå Oslo. Den offisielle opninga var 12. oktober 1903. Styraren ved Institutt for Åndssvake Gutter frå 1896, Jon Grue, følgde med og styrte Røstad til 1915. Det var 150 elevplassar ved skulen, men elevtalet var oppe i 180. Gardsdrifta var ein del av undervisningsopplegget. Frå 1940 og fram til 1970 var Ola Vandvik styrar ved skolen. Han stifta m.a skolens eige musikkkorps for elevane i 1961. Skolekorpset spelte i 17.mai-toget i Levanger i fleire år. Fram til 1950 var Røstad ein av dei tre store åndssvakeskulane i Noreg - dei to andre var Torshov skole i Oslo og Eikelund i Bergen.

Skulen vart etter ei tid omdøypt til Røstad offentlige skole og bytte i 1977 namn attende til Røstad skole. Dei spesialpedagogiske reformene frå slutten av 1970-åra vart byrjinga på slutten for Røstad. Skulen vart lagt ned i 1992, men verksemda heldt fram som Trøndelag kompetansesenter.

Den staslege hovudbygningen vart frå 1989 delvis teken i bruk av lærarskulen på Levanger. Meir og meir av høgskuleverksemda i Levanger vart flytt til Røstad, og i 1999 var all verksemda som Høgskolen i Nord-Trøndelag har i Levanger, samla her.

Kjelder endre