Anne Ragna Berge (fødd 31. januar 1966) er ein norsk tidlegare alpinist frå Sandvika i Akershus, som vann to NM-gull og kom på pallen i eitt verdscuprenn. Ho var medlem av Stabæk Idrettsforening.

Anne Berge
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. januar 1966 (58 år)
Sandvika
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1992

Aktiv endre

Berge tok sølv i storslalåm og bronse i utfor under NM i alpine greiner 1982 på Voss. Året etter vart ho i Hurdal norsk meister i storslalåm. I 1986 vart det NM-sølv i utfor, medan ho i 1987 vann sølv i storslalåm og bronse i utfor. Sølv og bronse fekk ho også i NM i alpine greiner 1987 i Tromsø, men då i slalåm og storslalåm.

Etter eit par medaljefrie sesongar kom Berge i NM 1990 på bronseplassen i storslalåm. To år seinare gav ho Marianne Kjørstad kamp om gullmedaljen i slalåm under NM 1992 på Bjorli, men enda opp med sitt femte NM-sølv. Tidlegare i sesongen deltok ho under Vinter-OL 1992 i Albertville og kom på femteplass i kombinasjonen og åttandeplass i slalåm. Året etter vart ho nummer ni i slalåm då VM i alpine greiner 1993 vart avvikla i Morioka i Japan.

Seint i OL-sesongen 1994 overraska Berge med ein tredjeplass i storslalåm i verdscupen i alpine greiner, rennet fann stad i Vail i USA, der ho einast hadde tyske Martina Ertl og Vreni Schneider frå Sveits framfor seg på resultatlista. Heilt på tampen av 1994-sesongen vann Berge sitt andre noregsmeisterskap, elleve år etter det fyrste. Ho slo unge og talentfulle Andrine Flemmen med 22 hundredels sekund i storslalåm.

Berge la opp etter 1995-sesongen.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar