Anne Brit Skjæveland Sandberg

(Omdirigert frå Anne Brit Skjæveland)

Anne Brit Skjæveland Sandberg (fødd 24. juli 1962) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Sandnes. Ho var ein allsidig utøvar som tevla i mangekamp, hekkeløp, høgdehopp og lengdehopp. Skjæveland Sandberg vart noregsmeister 11 gongar: 5 gongar i sjukamp og 3 gongar kvar i 100 meter hekk og lengdehopp. Ho var medlem i Sandnes IL, GSK Sandnes og IF Minerva.

Anne Brit Skjæveland Sandberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. juli 1962 (61 år)
Stavanger kommune
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992

Aktiv endre

Enkeltøvingar endre

Skjæveland fekk si fyrste medalje i hovudmeisterskapen i 1981 då ho vart nummer tre i høgdehopp. To år seinare tok ho ein ny NM-bronse, då i 100 m hekk. Så skulle det gå fire år før ho sanka fleire medaljar, i NM i friidrett 1986 vann ho sølv i både 100 m hekk og i høgdehopp. Det same gjorde ho i noregsmeisterskapen 1987, der ho i tillegg vann gullmedaljen lengdehopp. I NM i friidrett 1988 kneip Skjæveland gullmedaljen på korthekken, i høgdehopp enda ho på tredjeplass, jamhøgt med vinnarane av gull- og sølvmedalje. Året etter vart det gull og sølv i dei same to øvingane ved NM i Stjørdal.

7. juli 1990 presterte Skjæveland sitt livs høgste hopp på 1,85 meter i Handen i Sverige. Under noregsmeisterskapen 1990 i Moss i august månad vann ho fire medaljar: gull i 100 meter hekk, sølv i høgdehopp og sølv i lengdehopp, samt bronse på 400 m hekk. Sidan tok ho i 1991 NM-gull i lengde og sølv på korthekken, medan det i NM 1992 vart sølv i høgde- og bronse i lengdehopp.

Skjæveland var i sitt livs form sommaren 1992. Etter å ha sett norsk rekord i sjukamp på tampen av mai månad, gjorde ho 9. juni personbeste i lengdehopp med 6,30 meter i Oslo og 20. juni personbeste i 100 meter hekk med 13,43 sekund i Tønsberg. Etter ho gifta seg til etternamnet Sandberg vann ho i 1993 NM-gull i lengdehopp og sølv i 100 m hekk.

Mangekamp endre

Skjæveland sette norsk rekord i sjukamp i 1980 med 5 025 poeng, ei tevlingsform som frå 1982 erstatta femkamp på meisterskapsprogramma. Ho vart norsk meister i sjukamp åra 1983, 1985, 1986, 1987 og 1990. Den 5. juli 1987 slo Skjæveland den tre år gamle noregsrekorden til Heidi Benserud i sjukamp. Ho sanka då 5 525 poeng i eit stemne i Madrid, fire veker seinare flytta ho rekorden til 5 540 poeng i Byrkjelo. Over seks veker i mai, juni, juli 1988 forbetra Skjæveland noregsrekorden til 5 568 poeng i Øyestad, 5 588 poeng i austerrikske Götzis og med eit jafs til 5 815 i danske Frederiksberg. Ho heva så rekorden til 5 902 poeng i Götzis-stemnet 1990. Same staden 30. og 31. mai 1992 presterte Skjæveland til 6 085 poeng. Den noregsrekorden vart ståande til Ida Marcussen sletta den med sine 6 226 poeng frå VM i friidrett 2007.

Skjæveland kom på 11. plass i sjukampen ved EM i friidrett 1990 med 5 853 poeng og på 22. plass under Sommar-OL 1992 i Barcelona, då med 5 869 poeng.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre