Opna hovudmenyen

Ida Marcussen (fødd 1. november 1987) er ein norsk friidrettsutøvar frå Kristiansand. Marcussen har noregsrekorden i sjukamp, sett i Osaka i 2007. Ho representerte tidlegare Kristiansand IF, men tevlar no for IK Våg frå Vågsbygd.

Ida Marcussen
Ida Marcussen 2007 1.jpg
Fødd 1. november 1987
Kristiansand
Yrke friidrettsutøvar
Ida Marcussen på Commons

ResultatEndra

Marcussen har fleire medaljar frå NM i friidrett 2005-2008 i øvingane kulestøyt, lengehopp og spydkast, inkludert gull i spydkast under NM 2008. Under junior-VM i friidrett 2005 i Kaunas deltok ho som sjukjempar og kom på sjetteplass. Året etter forsøkte ho på nytt under junior-VM i friidrett i Beijing, og denne gongen vann ho sølvmedaljen. I 2007 tok ho noregsrekorden i mangekamp i VM i friidrett 2007 i Osaka med 6226 poeng. Dette heldt til ein ellevteplass.

I 2008 deltok ho som sjukjempar i Sommar-OL 2008 i Beijing, og enda på 21. plass. Elles har ho delteke som sjukjempar i VM i friidrett 2009 i Paris, EM i friidrett 2010 i Barcelona, VM i friidrett 2011 i Daegu og EM i friidrett 2012 i Helsingfors. Ho deltok også i sjukamp under Sommar-OL 2012 i London.[1] Her enda ho på ein 28. plass.[2]

KjelderEndra