Opna hovudmenyen

Anne Nørdsti (fødd 19. juni 1977) er ein norsk dansebandartist. Ho kjem opphavleg frå Alvdal i Østerdalen, men er no busett på Ottestad utanfor Hamar. Ved sida av artistkarrieren jobbar Nørdsti som grunnskulelærar.

Anne Nørdsti
AnneNoerdsti.jpg
Fødd 19. juni 1977
Alvdal
Yrke songar, musikar

KarriereEndra

Nørdsti debuterte som artist med plata Bygdeliv i 2004 på plateselskapet til Audun Tylden, nemleg Tylden & Co. Dei tre neste åra gav ho ut tre nye album; eitt nytt kom ut kvart år. Musikken hennar er danseband, sterkt prega av country. Plata frå 2007, Livli' på låven vann Spellemannprisen 2007 i klassen Danseorkester.

Fram til i dag har Nørdsti gjeve ut seks album, og tre av dei har vorte nominert til Spellemannprisen. Det siste, Så gøtt... frå 2011 er det fyrste som albumet som ikkje er gjeve ut på Tylden & Co, men derimot Mariann Records Norge.

DiskografiEndra

  • Bygdeliv (Tylden & Co., 2004)
  • Bonderomantikk (Tylden & Co., 2005)
  • Her vil jeg bo (Tylden & Co., 2006)
  • Livli' på låven (Tylden & Co., 2007)
  • Livet er nå (Tylden & Co., 2009)
  • Så gøtt... (Mariann Records Norge., 2011)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra