Opna hovudmenyen

Audun Tylden (29. oktober 194824. januar 2011) var ein norsk platedirektør og plateprodusent.

Audun Tylden
Fødd 29. oktober 1948
Voss
Død

24. januar 2011
Grasse

Yrke musikkprodusent

KarriereEndra

Tylden vart fødd på Voss, men voks opp i Trondheim[1]. I åra 1971 - 1982 var han innspelingssjef og norskansvarleg i plateselskapet PolyGram Records. I 1972 signerte han den fyrste platekontrakten med Jonas Fjeld Rock 'n Rolf Band. I 1981 var han ein av oppstartarane av plateselskapet Slagerfabrikken. Tylden heldt fram i Slagerfabrikken fram til 1992, då han starta sitt eige plateselskap, Tylden & Co saman med Tom Hovde. Tylden var dagleg leiar her frå 1992 til han døydde. Han hadde særleg betydning for sjangeren dansebandmusikk i Noreg.

Auden Tylden var i ein periode styreformann i FONO, og han sat i Spellemannskommiteen. I løpet av karrieren sin har han jobba med eit hundretals norske artistar, blant andre Øystein Sunde, Lillebjørn Nilsen, Olav Stedje, Trøste & Bære, Ole Ivars, Vazelina Bilopphøggers, DDE, Ketil Bjørnstad, Odd Børretzen og Lars Martin Myhre.

Tylden døydde av hjartestans under Midem-festivalen i Cannes i januar 2011 etter lang tids kreftsjukdom [2].

Sonen, Andreas Tylden var vokalist i bandet JR Ewing.

UtmerkingarEndra

ReferansarEndra

KjelderEndra

  • Artikkelen er basert på Audun Tylden frå bokmålswikipedia, 27. januar 2011.