Anne Viken (fødd 10. august 1979)[1] er ein norsk veterinær, statsvitar, bloggar, skribent, journalist, samfunnsdebatant og forfattar frå Bygstad.[2]

Anne Viken
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. august 1979
Yrke Veterinær, journalist
Periode 2010-
Debut XXX

Viken er utdanna veterinær frå Norges Veterinærhøgskule og har bachelorgrad i internasjonale studiar frå Universitetet i Oslo. Ho har vore nyhenderedaktør i studentavisa Universitas og arbeidd som journalist i Dagbladet, Dagens Næringsliv, Firda og Klassekampen.

Ho debuterte som forfattar med kortprosaboka XXX utgjeve på Flamme Forlag i 2010 og gav i 2012 ut barneboka Elise og mysteriet med dei døde hestaneSamlaget.

Bibliografi endre

Bøker endre

  • 2010 – XXX – kortprosa (Flamme forlag)
  • 2012 – Elise og mysteriet med dei døde hestane – barnebok (Oslo: Samlaget)
  • 2013 – Elise og mysteriet på hesteklinikken – barnebok (Oslo: Samlaget)
  • 2014 – Elise og mysteriet på Hesteøya – barnebok (Oslo: Samlaget)

I bøker - eit utval endre

I tidsskrift - eit utval endre

Referansar endre

  1. ««Anne Viken (10.08.1979)»». forfatterkatalogen.no (Norsk forfattersentrum). 
  2. ««Anne Viken»». Nettstaden til Samlaget. Henta 17. mars 2017. 

Bakgrunnsstoff endre