Annemarie Waser (fødd 4. februar 1940) er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå grenda Grafenort i Engelberg. Ho vann bronsemedaljen i slalåm under verdsmeisterskapen i alpint 1958 i Bad Gastein.

Annemarie Waser
Statsborgarskap Sveits
Fødd 4. februar 1940 (84 år)
Obwalden, Wolfenschiessen
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1956, Vinter-OL 1960

Waser debuterte i vinterolympiaden 1956 i Cortina d'Ampezzo, få dagar før ho fylte 16 år, med ein 14. plass i storslalåm, delt med Inger Bjørnbakken og ei fransk jente. Under verdsmeisterskapen i 1958 i Bad Gastein i Austerrike deltok Waser både i slalåm og storslalåm. I storslalåm kom ho på fjerdeplass, ein tidels sekund bak landsmannen Frieda Dänzer. Etter slalåmtevlinga kunne ho stige opp på sigerspallen som bronsevinnar, berre den klare verdsmeisteren Inger Bjørnbakken og austerrikske Josefa Frandl fekk betre tider. Waser deltok i alle tre øvingane under vinter-OL 1960 i Squaw Valley, men mislukkast heilt i å hevde seg.

Kjelder endre