Inger Bjørnbakken

Inger Bjørnbakken (28. desember 193313. februar 2021) var ein norsk skirennar frå Bærum som representerte Bærums skiklub. Ho vart i 1958 verdsmeister i slalåm i Bad Gastein i Austerrike. Åra 1956-59 vann ho åtte norske meisterskap i fire ulike øvingar.

Inger Bjørnbakken
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. desember 1933
Bærum kommune
Død

13. februar 2021 (87 år)
Bærum kommune

Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1960, Vinter-OL 1956

Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje, Holmenkollmedaljen, Sportsjournalistenes statuett

Aktiv endre

Bjørnbakken vart nummer fem i storslalåmtevlinga i sin NM-debut i Drammen vinteren 1953. To år seinare vann ho si fyrste NM-medalje då ho tok sølvmedaljen under noregsmeisterskapen på Voss. I 1956 sigra ho i slalåmøvinga under NM i alpint på Norefjell, og fekk i tillegg ein bronse i storslalåm. Dei tre neste sesongane sikra ho seg ytterlegare sju norske meistertitlar i alpinløypene.

Bjørnbakken deltok for Noreg under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo, der ho kom på sjetteplassen i slalåmrennet og vart nummer 14 i storslalåm. To år seinare vann ho slalåmrennet under verdsmeisterskapen i Bad Gastein. Med sluttida 105,6 sekundar var ho 1,4 sekund føre Josefa Frandl frå Austerrike og 1,8 sekund framom Annemarie Waser frå Sveits, dei to andre medaljevinnarane. Astrid Sandvik fylgde opp den sterke norske innstasen med å hamne på fjerdeplassen i øvinga. Bjørnbakken vart elles nummer ti i storslalåm i meisterskapen. Ved sesongslutt mottok ho Morgenbladets gullmedalje og Sportsjournalistenes statuett for VM-gullet; inga kvinne hadde fått korkje utmerkingane tidlegare. I sin siste sesong reiste ho til dei olympiske leikane 1960 i Squaw Valley. Ho vart der nummer 14 i slalåm og 20 storslalåm.

Bjørnbakken vann sju renn i Holmenkollen Kandahar i perioden 1955 til 1958, fire av dei slalåm. Ho vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1958, saman med Håkon Brusveen.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

  • 1953: Nr 5 i storslalåm
  • 1954: Nr 4 i slalåm
  • 1955: Sølv i slalåm, bronse i storslalåm
  • 1956: Gull i slalåm, bronse i storslalåm
  • 1957: Gull i slalåm, bronse i storslalåm
  • 1958: Gull i storslalåm, utfor og kombinasjonen, bronse i slalåm
  • 1959: Gull i slalåm, storslalåm og kombinasjonen, sølv i utfor

Bjørnbakken omkom då heimen hennar på Skui i Bærum brann ned.[1]

Kjelder endre

  • Sportsrevy, aktuelle årgangar
  1. Budstikka 15. februar 2021, arkivert frå originalen 15. februar 2021, henta 22. februar 2021 

Bakgrunnsstoff endre