Annette Skotvoll (fødd 1. september 1968) er ein norsk tidlegare handballlspelar frå Trondheim. I tida 1988-96 vann ho to OL-sølv, EM-sølv, VM-bronse og EM-bronse. Målvakta deltok i 250 landskampar og skåret to mål for Noreg.

Annette Skotvoll
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. september 1968 (55 år)
Trondheim
Yrke handballspelar
Høgd 176 centimeter

Skotvoll debuterte på landslaget i 1987. Frå Sommar-OL 1988 i Seoul til Sommar-OL 1992 i Barcelona var ho jamnt fyrste-målvakt for Noreg, og ho var med å vinne sølvmedaljar i begge OL-turneringane. Etter Cecilie Leganger kom inn på det norske landslaget som målvakt i 1993, fungerte Skotvoll meir eller mindre som andre-målvakt. Gjennom åra 1993 til 1996 vann ho VM-bronse på norsk heimebane i 1993, EM-bronse i 1994 og sølvmedalje under EM 1996 i Danmark, der ho ikkje makta hindre at vertsnasjonen vann finalen med 25 mot 23 mål.

Skotvoll spelte i mange år på Sjetne Idrettslag, men då det laget rykte ned frå toppserien melde ho overgang til byrivalen Byåsen Idrettslag.

Merittar endre

  • OL 1988: Sølvmedalje etter 20–23 mot Sør-Korea
  • VM 1990: Nr 6 med Noreg
  • OL 1992: Sølvmedalje etter 21–28 mot Sør-Korea
  • VM 1993: Bronsemedalje etter 20–19 mot Romania
  • EM 1994: Bronsemedalje etter 24–19 mot Ungarn
  • VM 1995: Nr 4 etter 24–25 mot Danmark
  • OL 1996: Nr 4 etter 18–20 mot Ungarn
  • EM 1996: Sølvmedalje etter 23–25 mot Danmark

Kjelder endre