Antarctic-ekspedisjonen 1894–95

Antarctic-ekspedisjonen 1894–95 var ein kvalfangstekspedisjon som seglde til Rosshavet i 1894 til 1895 med skipet «Antarctic», ført av kaptein Leonard Kristensen. Ekspedisjonen var organisert og leia av Henrik Johan Bull og var finansiert av Svend Foyn. Blant deltakarane i ekspedisjonen var òg Carsten E. Borchgrevink. Ekspedisjonen er vorten kjend fordi ei gruppe på åtte menn, inkludert Borchgrevink, Bull og Kristensen, greidde å kome seg i land på Kapp Adare den 24. januar 1895. Dette er den første dokumenterte ilandstigninga på det antarktiske kontinentet. Borchgrevink tok dei første prøvane av lav og bergartar frå kontinentet. Kvalfangstmessig var ekspedisjonen resultatlaus.

«Antarctic» i pakkisen.

Organisering endre

Antarctic-ekspedisjonen vart organisert og leia av Henrik Johan Bull, ein norsk forretningsmann som hadde busett seg i Australia i slutten av 1880-åra. Bull planla ein sel- og kvalfangstekspedisjon i antarktiske farvatn. Etter å ha mislukkast med å skape interesse blant Melbournes vitskaplege selskap for støtte til eit kombinert kommersielt og vitskapleg gjerande,[1] vende han heim til Noreg for å organisere ekspedisjonen derfrå. Der møtte han Svend Foyn, den 84 år gamle grunnleggjaren av moderne kvalfangst. Med støtte frå Foyn skaffa han seg kvalskuta «Cap Nor».[2]

«Antarctic» endre

For meir om dette emnet, sjå DS «Antarctic» (1871).

«Cap Nor» var ei dampdriven polarskute som vart bygd på Holmen i Drammen i 1871 som skruefregattskib og målte 226 BRT. Ho vart nytta i selfangst i Arktis frå 1872, men var no teke ut av ishavsfangsten og låg i opplag i Sandefjord. Ifølgje Bull var skuta vanskøytt, og ho gjennomgjekk større reparasjonar og oppgraderingar og vart døypt om til det passande namnet «Antarctic».[2]

Personell endre

Opphavleg vart ein kaptein Sanne hyra inn som førar av «Antarctic». Han hadde nettopp kome heim frå ei ferd rundt Kapp Horn, men på grunn av ei usemje vart han bytt ut med den erfarne kval- og selskutekapteinen Leonard Kristensen.[3] Førstestyrmann Frederik Gjertsen og andrestyrmann Bernhard Jensen hadde òg røynsle frå ishavsfarten. Med mannskap og ei lita gruppe vitskapsmenn seglte dei frå Tønsberg 20. september 1893 med kurs for Melbourne i Australia via Tristan da Cunha og Kerguelen.

Ein annan nordmann som òg hadde utvandra til Australia, Carsten Borchgrevink, fekk høyre at «Antarctic» skulle kome til Melbourne i september 1894, og han ilte dit i voner om å få plass ombord. Han var heldig; William Speirs Bruce, ein seinare viktig polarforskar, og grønlandsveteranen Eivind Astrup hadde begge planar om å delta i Bulls ekspedisjon, men ingen av dei hadde høve til å nå fram til avgangen til skipet frå Melbourne.[4] Dette opna eit høve for Borchgrevink som møtte Bull i Melbourne og fekk han til å overtale kapteinen til å ta han med som dekksgut og deltidsforskar.[4][5]

Ekspedisjon endre

 
Foyn Island fotografert av Henrik Bull under Antarctic-ekspedisjonen

I dei følgjande månadene hadde «Antarctic» suksess med selfangst rundt subantarktiske øyar, men det viste seg å vere dårleg med kval. Bull og Kristensen valde å føre skipet vidare sørover til område der kval hadde vorte observert på tidlegare ekspedisjonar.[6] Skipet seglte gjennom eit isbelte og vidare inn i Rosshavet, men kval var framleis ikkje å finne. Den 17. januar 1895 vart det gjennomført ei ilandstiging på Foyn Island i øygruppa Possession Islands, der James Clark Ross hadde planta det britiske flagget i 1841. Der la dei igjen ei melding i ein boks som framtidig bevis på at dei hadde vore der.[7] Borchgrevink fann lav på øya, det første plantelivet oppdaga sør for den sørlege polarsirkelen.[5] Den 24. januar var skipa i nærleiken av Kapp Adare på den nordlegaste delen av Victoria Land på det antarktiske kontinentet. Ross-ekspedisjonen hadde ikkje vore i stand til å kome i land der i 1841, men då «Antarctic» nærma seg land, vart tilhøva rolege nok til å kunne låre ein lettbåt. Ei gruppe med Bull, Kristensen, Borchgrevink og fleire andre sindige dermed kursen mot ein rullesteinstrand nedanfor forberget. Kven som var først i land har vorte gjenstand for strid; både Kristensen og Borchgrevink hevda å ha vore først,[6] saman med den 17 år gamle, newzealandske sjømannen Alexander von Tunzelmann som fortalde at han hadde «hoppa ut for å halde båten stødig».[5] Gruppa hevda at dette var den første ilandstiginga på det antarktiske fastlandet, men moglegvis var den amerikanske kapteinen John Davis i land på den antarktiske halvøya i 1821. Andre fangstekspedisjonar kan òg ha vore i land før ekspedisjonen til Kapp Adare.[5][8]

Medan dei var i land ved Kapp Adare samla Borchgrevink fleire prøver av stein og lav; sistnemnde skulle vise seg å vere av stor interesse i vitskaplege kretsar, som hadde tvilt på evna til vegetasjon å overleve så langt sør.[9] Han studerte òg strandlinja nøye og vurderte høva for ein framtidig ekspedisjon å gå i land og etablere ein overvintringsleir.[10]

Heimkomst og etterspel endre

Då «Antarctic» nådde Melbourne, mønstra Bull og Borchgrevink av skipet. Eit uvennskap utvikla seg mellom dei, moglegvis på grunn av dei sprikande skildringane deira om reisa med «Antarctic»; begge framheva si eiga rolle utan fullt ut å anerkjenne den andre si.[11]

 
Southern Cross-ekspedisjonen sine leirhytter ved Kapp Adare, midt i ein pingvinkoloni.
Foto: Kuno Lechner

Borchgrevink var overtydd om at plasseringa til Kapp Adare, med ein stor pingvinkoloni som gav enkel tilgjenge til ferskt kjøt og spekk, var eigna som base for ein framtidig overvintringsekspedisjon og utgangspunkt for undersøkingar av det indre av Antarktika.[12][13] For å fremje sine idéar, skunda Borchgrevink seg til London der Royal Geographical Society var vert for den sjette internasjonale geografiske kongressen. Den 1. august 1895 vendte han seg til kongressen, der han gjorde reie for høvet av å nytte stranda ved Kapp Adare som leirplass for ein vitskapleg ekspedisjon gjennom den antarktiske vinteren.[10] Kongressen gav likevel ikkje tilsluttinga si til ideane til Borchgrevink; i staden vedtok dei ein generell resolusjon til støtte for utforsking av Antarktis der dei foreslo at «dei einskilde vitskaplege selskapa rundt om i verda skulle oppfordre til, på den måten dei sjølv ser mest effektiv, at ein går i gang med dette arbeidet før utgangen av århundret».[14] I dei to neste åra reiste Borchgrevink rundt i Europa og Australia for å skaffe støtte og garantiar for ekspedisjonsideane sine, men utan særleg resultat.[15] Borchgrevink klarte likevel omsider å overtale forleggeren George Newnes til å dekke heile kostnaden ved ekspedisjonen.[16] Avreisa skjedde i august 1898 med DS «Southern Cross», og mannskapet til Borchgrevink overvintra 1899 ved Kapp Adare. Southern Cross-ekspedisjonen vart dermed den første som overvintra på det antarktiske kontinentet. Vinteren før hadde likevel Belgica-ekspedisjonen, der Roald Amundsen deltok, gjennomgått ei ufrivillig overvintring om bord i ekspedisjonsfartøyet «Belgica».

Referansar endre

  1. McConville, Andrew (April 2007). «Henrik Bull, the Antarctic Exploration Committee and the first confirmed landing on the Antarctic continent». Polar Record (Cambridge University Press) 43 (2): 143–152. doi:10.1017/S0032247407006109. Henta 16. august 2010. 
  2. 2,0 2,1 Bull (1898), s. 23–24
  3. Bull (1898), s. 26
  4. 4,0 4,1 Bull (1898), s. 92–93
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Burton, s. 677–78
  6. 6,0 6,1 «Den første landsettingen». Antarctic Heritage Trust. Henta 16. august 2010. 
  7. «Carsten Borchgrevink (1864-1934)». South-pole.com. Henta 16. august 2010. 
  8. «An Antarctic Timeline». South-pole.com. Henta 16. august 2010. 
  9. Borchgrevink (1901), s. III
  10. 10,0 10,1 Borchgrevink (1901), s. 4–5
  11. Speak, s. 38–40
  12. Harrowfield, David. «The Southern Cross Expedition – Introduction». University of Canterbury. Arkivert frå originalen 6. april 2017. Henta 10. mars 2010. 
  13. Preston, s. 14–16
  14. Borchgrevink (1901), s. 9–10
  15. «Norges glemte oppdager». Antarctic Heritage Trust. Henta 16. august 2010. 
  16. Jones, s. 59–60

Litteratur endre