Tristan da Cunha er ei vulkansk øygruppe som ligg sør i Atlanterhavet. Ho ligg 2816 km vest for Sør-Afrika og 3360 km aust for kysten av Sør-Amerika. Med det er Tristan da Cunha den mest avsidesliggjande busette øygruppa i verda. Den einaste busette øya er hovudøya Tristan da Cunha, der den einaste større busetnaden er hovudstaden Edinburgh of the Seven Seas. Frå 1938 til 2009 var øygruppa underlagt St. Helena Frå og med 2009 er Tristan da Cunha ein del av den administrative eininga St. Helena, Ascension og Tristan da Cunha.

Tristan da Cunha
Flagg
Flagg
Våpen
Våpen
Flagg Våpen
Kart over øygruppa.
Kart over øygruppa.
Status britisk oversjøisk territorium
Dronning
Guvernør
Administrator
Charles III
Nigel Phillips
James Glass
Hovudstad Edinburgh of the Seven Seas
Offisielt språk Engelsk
Areal

- % vatn

207 km²

0

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 264 (2010)
ca. 1,3/km²

Verdsdel Afrika
Internet-domene .sh og .uk
Tidssone UTC GMT
Internasjonal telefonkode +290
Nasjonalsong God Save The Queen

Geografi endre

Tristan da Cunha består av desse øyane:

Historie endre

Øyane vart oppdaga i 1506 av den portugisiske sjøfararen Tristão da Cunha, som kalla opp hovudøya etter seg sjølv. Seinare vart namnet endra til Tristan da Cunha. I 1810 vart USA-amerikanaren Jonathan Lambert den fyrste som busette seg på øya, erklærte øyane som sin eigedom og gav øygruppa namnet Islands of Refreshment - «Forfriskingsøyane». Lambert døydde i ei båtulukke i 1812, og i 1816 la Storbritannia øygruppa under seg. Dei forsøkte òg å kolonisera Inaccessible Island, men utan hell.

Samfunn endre

Alle familiane på Tristan da Cunha er bønder, og alt landet er sameigd. Ingen utanforståande får lov til å kjøpa land på Tristan da Cunha eller å slå seg ned på øya. Ein driv og med avl av hummar og sal av myntar og poststempel til samlarar. Øya har ikkje flyplass, så einaste måten å koma seg hit på er til båt. Innbyggjarane har også utvikla ein særeigen dialekt.

Natur endre

Høgaste punktet på øygruppa er vulkanen Queen Mary's Peak på hovudøya. Vulkanen er 2062 meter høg, og er dekt av snø om vinteren. Gjennomsnittstemperaturen på øygruppa er ca. 14° C i vintermånadene og ca. 20 °C i sommarmånadene. Her finst eit rikt fugleliv, med adeliepingvin, gulnasealbatross, sotalbatross, kvitbukpetrell, storvengpetrell, silkepetrell, brunnoddy gråpetrell, storlire, grålire, sørhavsterne og sørhavsjo.

Kjelder endre