Anthem of the Sun

Anthem of the Sun
Studioalbum av Grateful Dead
Språk engelsk
Utgjeve 18. juli 1968
Innspelt September 1967 – 31. mars 1968
Studio Forskjellige
Sjanger
Lengd 38:57
Selskap Warner Bros.-Seven Arts
Produsent
Grateful Dead-kronologi 
The Grateful Dead
(1967)
Anthem of the Sun Aoxomoxoa
(1969)


Anthem of the Sun er det andre studioalbumet til rockebandet Grateful Dead. Det kom ut i 1968 og var det første albumet deira med den andre trommeslagaren Mickey Hart, som kom med i bandet i september 1967. Albumet vart i 2012 rangert på 288. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[3]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars [1]
Rolling Stonepositiv [2]

Miksinga av albumet kombiner studioopptak med konsertopptak på kvar song. Resultatet er ei eksperimentell blanding som verken er eit studioalbum eller eit konsertalbum. Det vert derimot som regel klassifisert som eit studioalbum.

Trommeslagaren Bill Kreutzmann skildra produksjonen og lytteopplevinga av albumet: «...Jerry [Garcia] og Phil [Lesh] drog i studio med [Dan] Healy og som galne vitskapsfolk byrja dei å spleise saman alle versjonane, og skapte hybridar som inneheldt både studioopptak og forskjellige konsertparti, sydd saman frå forskjellige konsertar, alt i same song — ei utgåve smelta saman med ein annan og stundom til og med lagt oppå kvarandre... Det var lett vårt mest eksperimentelle album, det var banebrytande då det kom og er framleis ei psykedelisk lyttaroppleving i dag.»[4]

Innspeling endre

Bandet gjekk i American Studios i Los Angeles i november 1967 med David Hassinger, produsenten frå debutalbumet.[5] Men dei ønskte å lage ei meir komplisert plate enn debuten, og prøvde òg å overføre konsertlyden deira inn i studio, så bandet og Hassinger byta studio og drog til New York City. Innan desember hadde dei gått gjennom to andre studio, Century Sound og Olmstead Studios (begge «høgt akta 8-sporsstudio»).[5]

Til slutt vart Hassinger så frustrert over den langsame innspelingsprosessen til bandet at han slutta heilt frå prosjektet då bandet var i Century Sound, med berre ein tredjedel av albumet fullført. Det er blitt sagt at han slutta etter at gitaristen Bob Weir kravde å få skapt illusjonen av «tett luft» i studio og miksa innspelingar av stillheit teken opp i ørkenen og byen.[6][7] Hassinger kommenterte at «Ingen kunne syngje dei nye songane spelte inn i NYC, og på det punktet meiner eg dei eksperimenterte altfor mykje. Dei visste ikkje kva dei var på utkikk etter i det heile.» Garcia sa at «me ønskte å lære oss korleis studioet fungerte. Me ønskte ikkje la nokon andre gjere det. Det er vår musikk, me ville gjere det sjølv.»[5]

Dei drog attende til Coast Recorders i San Francisco og hyrte ein lydmann, Dan Healy, for å produsere albumet. Innimellom innspelingane byrja bandet å ta opp konsertane sine. Lesh kommenterte at dette var dels fordi songane ikkje var «testa å vegen».[7] Healy, Garcia og Lesh tok så desse konsertopptaka (som bestod av to konsertar i Los Angeles frå november 1967, ein turné i Pacific Northwest i januar og tidleg februar 1968 og ein turné i California frå midten av februar til midten av mars 1968) og byrja å flette dei saman med dei eksisterande studioopptaka.[5] Garcia kalla dette «å mikse det for hallusinasjonane».[7] Kreutzmann forklarte, «Phil og Jerry fann ut at me kunne utnytte studioteknologien for å demonstrere korleis desse songane spegla det uendelege, sjølv når dei heldt seg til etablerte arrangement. Det er det gamle paradokset om 'improvisasjonskomposisjonar'. Jazzartistar kjende godt til balansen mellom fridom og struktur, men få rockeband utnytta dette. Dei fleste rockebanda hadde ein tendens til å gå i motsett retning, redde for uvissa ved improvisasjon. Me fann ut at Anthem of the Sun skulle bli vår framstilling av dette emnet».[4]

Tom Constanten, ein ven av Lesh og Garcia, vart med bandet i studioet, medan han var på perm frå United States Air Force for å spele piano og lage elektroniske lydbandeffektar inspirert av John Cage. Constanten vart formelt med i bandet då han mønstra av i november 1968, men bidraga hans til bandet var meir tydeleg i studio enn på konsertane, og det same gjaldt Anthem of the Sun. Constanten utvikla pianostykke som høyrdest ut som tre gamelan-orkester som spelte samstundes og skapte effektar ved å spinne eit gyroskop på pianolydbrettet.[7] Resten av bandet brukte ei heil rekkje instrument i studio for å utfylle konsertopptaka som danna grunnlaget or kvar song, som kazoo, crotalar, cembalo, pauker, trompet og güiro. Garcia sa at delar av albumet var «særs merkeleg, kanskje for merkeleg... Me laga ikkje eit album på normalt vis, me laga ein kollasj.»[6] Han påpeikte òg inspirasjon frå Lesh sine studiar av Stockhausen og andre avant-gardistar.[8] Warner Bros.-sjefen Joe Smith kalla Anthem of the Sun «det mest urimelege prosjektet me nokon gong har vore involvert i.»[6]

Den langvarige venen og låtskrivarpartnaren til Jerry Garcia, Robert Hunter, skreiv dei første tekstbidraga sine til bandet året før for «Dark Star». Han skreiv tekst til Lesh/Pigpen-komposisjonen «Alligator» på dette albumet.

Utgjeving endre

På originalutgåva vart alle songane tilskriven alle bandmedlemmane. Seinare er dei individuelle medlemmane førte opp som låtskrivarar. For å auke honorar dei kom til å få for albumet, delte bandet inn opningssporet, «That's It for the Other One», i fire noko tilfeldige satsar.

Singelen «Dark Star», som kom ut liek før Anthem of the Sun, er ikkje med på albumet, men B-sida «Born Cross-Eyed», er med i ein stereomiks, utan feedback-endinga.

Ei nymiksa utgåve av Anthem of the Sun, overvaka av Phil Lesh, vart gjeven ut i 1972. Denne miksen nyttar andre overgangar, konsertotak og stereobilete. Til dømes er vokalen og orgelet vidt i originalmiksen, men i sentrum i den nye miksen.

I juli 2018 gav Rhino ut ei 50-årsjubileumsutgåve av albumet med begge miksane og ein konsertfrå 22. oktober 1967.[9]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«That's It for the Other One» (Jerry Garcia, Bill Kreutzmann, Phil Lesh, Ron McKernan, Bob Weir, Tom Constanten)
  • I. Cryptical Envelopment (Garcia)
  • II. Quadlibet for Tenderfeet (Garcia, Kreutzmann, Lesh, McKernan, Weir)
  • III. The Faster We Go, the Rounder We Get (Kreutzmann, Weir)
  • IV. We Leave the Castle (Constanten)
7:40
2.«New Potato Caboose» (Lesh, Robert Petersen)8:26
3.«Born Cross-Eyed» (Weir)2:04
Side to
Nr.TittelLengd
4.«Alligator» (Lesh, McKernan, Robert Hunter)11:20
5.«Caution (Do Not Stop on Tracks)» (Garcia, Kreutzmann, Lesh, McKernan, Weir)9:37
Bonusspor på 2001/2003-utgåva
Nr.TittelLengd
6.«Alligator» (live)18:43
7.«Caution (Do Not Stop on Tracks)» (live)11:38
8.«Feedback» (live)6:58{
9.«Born Cross-Eyed» (singelversjon)2:55

Konsertopptaka er frå 23. august 1968.

Medverkande endre

Grateful Dead

Andre medverkande

Produksjon

  • Grateful Dead – produsentar, arrangørar
  • David Hassinger – produsent
  • Dan Healy – leiande lydteknikar
  • Bob Matthews – assisterande lydteknikar

Nyutgjevingar

  • James Austin – produksjon
  • Joe Gastwirtmastering, produksjonsrådgjevar
  • Michael Wesley Johnson – medprodusent, forskingskoordinering
  • Cassidy Law – prosjektkoordinering, Grateful Dead Archive
  • Eileen Law – akrivundersøkingar, Grateful Dead Archives
  • David Lemieux – produksjon
  • Peter McQuaid – leiande produsent, Grateful Dead Productions
  • Jeffrey Norman – ekstra miksing på bonusspor

Salslister endre

Liste Plassering
Billboard Pop Albums 87[10]

Kjelder endre

  1. Planer, Lindsay. «Anthem of the Sun». AllMusic. Henta 30. mai 2019. 
  2. Miller, Jim (28. september 1968). «Anthem of the Sun». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 10. mai 2014. Henta 30. mai 2019. 
  3. «500 Greatest Albums: Anthem of the Sun» Arkivert 2012-05-22 ved Wayback Machine. på RollingStone.com
  4. 4,0 4,1 Kreutzmann, Bill (2015). Deal. St. Martin's Press, New York. Chapter 5. ISBN 978-1-250-03380-2. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Garcia: An American Life by Blair Jackson, Penguin Books, 1999, s. 144.
  6. 6,0 6,1 6,2 Grateful Dead: The Illustrated Trip . Jake Woodward, et al. Dorling Kindersley Limited, 2003, pg. 83.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Phil Lesh: Searching for the Sound by Phil Lesh, Little, Brown and Company, 2005, s. 125.
  8. «Jerry Garcia: In Search of the X Factor». Musikar (Gloucester, MA, USA: Sam Holdsworth and Gordon Baird). October 1981. 
  9. «Anthem Of The Sun (50th Anniversary Deluxe Edition)». 
  10. «Top 200 Albums». Billboard. «Anthem of the Sun» is 187. Hover over it and it gives the peak.