Acid rock er ei laust definert form for rock[1] som utvikla seg frå garasjerocken midt i 1960-åra[3] og var med å lansere den psykedeliske subkulturen. Stilen er generelt definert som tung, forvrengde gitarar, tekstar med dopreferansar og lange improviserte jammar. Å skilje sjangeren frå andre sjangrar kan vere vanskeleg, sidan mykje av stile overlappar med garasjerock, proto-metal og tidleg, tung, blues-basert hardrock.

Omgrepet, som har fått namn frå lysergsyredietylamid (LSD) og som ofte berre blir kalla syre eller acid på engelsk, og «psykedelisk rock» vert stundom brukt om ein annan, men kan refererer meir spesifikt til ein meir musikalsk intens undersjanger eller avart av psykedelisk rock. Acid rok skil seg sjølv frå andre psykedeliske stilar ved å vere hardare, meir larmande og tyngre, og utvikla seg hovudsakleg på den amerikanske vestkysten. Slike amerikanske grupper fokuserte ikkje på nyskapande innspelingseffektar eller det underlege, slik britisk psykedelia ofte gjorde, og la i staden vekt på dei tyngre kvalitetane som var knytte til både dei positive og negative ytterpunkta av den psykedeliske opplevinga.

Etter kvart som rørsla utvikla seg seint i 1960- og i 1970-åra, vart element av acid rock delte inn i to retningar, med hardrocck og heavy metal på ei side og progressiv rock på den andre. I 1990-åra kombinerte stoner metal-sjangeren acid rock med andre hardrockstilar som grunge, og oppdaterte dei tunge riffa og lange jammane ein fann i acid rock og psykedelisk påverka metal.

Artistar endre

Døme på nokre acid rock-artistar:

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Browne & Browne 2001, s. 8.
  2. Hull 2003, s. 380.
  3. 3,0 3,1 3,2 Hoffmann 2004, s. 1725.
  4. Knowles 2010, s. 199.
  5. Jasinski 2012.
  6. Drabløs 2016, s. 64.
  7. Freeman & Freeman 1996, s. 10.
  8. Bill 1984, s. 37.
  9. «Loyola Entertainment Law Journal». Loyola Entertainment Law Journal 6: 90. 1986. 
  10. Holm-Hudson 2013, s. 85.