Karlheinz Stockhausen

tysk komponist

Karlheinz Stockhausen (22. august 19285. desember 2007) var ein tysk komponist. Han blir rekna som ein av dei viktigaste komponistane i etterkrigstida på 1900-talet.[1] Han er særleg kjend som ein pioner innan elektronisk musikk, eller elektronische Musik, og gav ut over 300 verk. Han var òg aktiv som dirigent. I 1986 fekk han Ernst von Siemens' musikkpris.

Karlheinz Stockhausen
Stockhausen March 2004 excerpt.jpg
Fødd22. august 1928
FødestadMödrath, Burg Mödrath, Kerpen
Død5. desember 2007 (79 år)
DødsstadKürten
OpphavTyskland
Aktiv1951–2007
Sjangeropera, elektronisk musikk, eksperimentell musikk, serialisme, Aleatorisk musikk, Neue Musik, Kammermusikk, Konkret musikk
Instrumentpiano, fiolin
PlateselskapDeutsche Grammophon
Verka somkomponist, musikkforskar, musikkpedagog, musikkteoretikar, universitetslærar, musikar
MorGertrud Stockhausen
FarSimon Stockhausen
Gift medDoris Stockhausen, Mary Bauermeister
BornSuja Stockhausen, Christel Stockhausen, Markus Stockhausen, Majella Stockhausen, Julika Stockhausen, Simon Stockhausen
PrisarVerdienstkreuz 1. Klasse des Verdienstordens der Bundesrepublik Deutschland, Verdienstorden des Landes Nordrhein-Westfalen, Bach-Preis der Freien und Hansestadt Hamburg, Ernst von Siemens’ musikkpris, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres

BakgrunnEndra

Stockhausen studerte musikkteori, musikkpedagogikk og klaver ved Musikhochschule Köln frå 1947 til 1951, og dessutan musikkvitskap, germanistikk og filosofi ved Universität zu Köln. Frå 1950 verka han som komponist. Han blei sterkt påverka av eit verk av Olivier Messiaen, Mode de valeurs et d’intensités, som han fekk høyra i 1951. Han fekk ei innføring i dei serielle prinsippa som låg bak komposisjonen av Karel Goeyvaerts, som hadde studert under Messiaen. Året etter drog Stockhausen til Paris for å studera under Messiaen og Darius Milhaud. Her blei han kjend med Pierre Boulez, som også studerte under Messiaen.[1]

VirkeEndra

Eit av dei viktigaste verka innanfor electronische Musik er Stockhausen sin komposisjon Studie I (1954). Her har Stockhausen laga klokke- eller bjølleliknande lydar ved å la kvar lyd bestå av fem sinustonar. Han har rekna ut frekvenstilhøvet mellom kvar sinustone ved å la avstanden vera konstant, n * 25√5 Hz. Deretter blei lydsløyfene med desse sinustonane spelte i eit klangkammer med ei etterklangstid på ca. 10 sek. Sjølve lydsløyfa blei så klipt bort, slik at berre etterklangen blei brukt, i original eller reversert versjon.[2]

Gesang der Jünglinge (1955–56) er eit av dei sentrale verka til Stockhausen, og inneheld overgangar mellom elektronisk lyd (elektronisk genererte sinustonar) og stemmelyd (ein gutesopran). Denne blandinga av elektroniske signal og akustiske opptak inneber ei blanding av dei to stilartene elektronische musik og musique concrète. Serialismen er markant i dette stykket og det er serielt strukturert i dei fleste parametrar, som til dømes i tonehøgd og varigheit.[3] Stockhausen var tidleg ute med spatialisering då han urframførte stykket i fem kanalar (men kanoniserte det i fire).[4] Dei elektroniske stykka hans (også versjon med instrumentsspelarar) Kontakte er ambient kvadrafonisk lyd, der lydane rører seg omkring i lydpanoramaet og endrar klangfargane sine.

Både innan elektronische Musik og musique concrète er den metriske takta frå tradisjonell musikk heilt fråverande.[5] Stockhausen påverka både samtidsmusikk i den klassiske tradisjonen, og populærmusikken i samtida si.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Smørgrav, Ivar (20. september 2019). «Karlheinz Stockhausen». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Bergsland, A. (2009). Leksjon 6 i Musikkteknologi i et historisk lys, NTNU: Elektronisk musikk.pdf s:7-9
  3. Bergsland, A. (2009). Leksjon 6 i Musikkteknologi i et historisk lys, NTNU: Elektronisk musikk.pdf s:12
  4. Bergsland, A. (2009). Leksjon 6 i Musikkteknologi i et historisk lys, NTNU: Elektronisk musikk.pdf s:10
  5. Bergsland, A. (2009). Leksjon 6 i Musikkteknologi i et historisk lys, NTNU: Elektronisk musikk.pdf s:16

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Karlheinz Stockhausen