Anthemios frå Tralleis

Anthemios frå Tralleis var ein matematikar og arkitekt frå Tralleis, dagens Aydın, i Lydia. Han er særleg kjend for å ha teikna kyrkja Hagia Sofia i Konstantinopel.

Anthemios frå Tralleis
Fødd ca. 474
Tralleis
Død

ca. 534
Konstantinopel

Yrke matematikar, fysikar, arkitekt, ingeniør, bilethoggar
Hagia Sofia

Anthemios var fødd kringom år 474. Saman med Isidoros frå Milet fekk han i oppdrag av keisar Justinian I å forme Hagia Sofia, eit arbeid som gjekk føre seg frå 532 til 537. Anthemios var død då kuppelen i kyrkja rausa ned i 558.

KjelderEndra