Aydın (tidlegare kalla Güzelhisar og Tralles) er ein by og det administrative senteret i provinsen Aydın i Egearregionen i Tyrkia, 85 km søraust for İzmir. Byen ligg i hjarte av den nedre dalen til elva Büyük Menderes. Han hadde kring 190 000 innbyggjarar i 2010.

Aydın
by
Land  Tyrkia
Region Egearregionen
Provins Aydın
Høgd 59 moh.
Koordinatar 37°50′40″N 27°50′45″E / 37.8444°N 27.8458°E / 37.8444; 27.8458
Areal 1 582 km²
Folketal 188 337 Statistical Institute
Folketettleik 119 / km²
Borgarmeister Özlem Çerçioğlu
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Bilnummer 09
Kart
Aydın
37°50′53″N 27°50′43″E / 37.848055555556°N 27.845277777778°E / 37.848055555556; 27.845277777778
Wikimedia Commons: Aydın
Nettstad: www.aydin.bel.tr/

Aydın ligg ved nedre del av Mendereselva, der ho munnar ut i Egearhavet. Regionen har vore kjend for det frodige landskapet sidan antikken. I dag er han mest kjente produktet fiken, men det vert òg dyrka andre produkt. Elles har byen noko lett industri og provinsen har nokre historiske steder, som Tralles, som vert vitja av turistar.

Byen vart sterkt øydelagd av grekarane i 1922.

Klima

endre

Aydın har eit middelhavsklima med varme, tørre somrar og kjølige, våte vintrar.

Vêrdata for Aydın
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 13,4 14,5 18,1 22,4 28,3 33,6 36,2 35,5 31,9 26,6 19,5 14,4 24,5
Gjennomsnittleg min °C 4,2 4,6 6,6 10 14,1 18,1 20,4 20 16,5 12,7 8,3 5,6 11,8
Gjennomsnittleg nedbør mm 103,2 86,3 70,8 56,5 35,3 17,8 7,9 5,3 16,3 45,2 89,6 116,8 651
Gns. luftfukt (%) 67 64 64 62 59 55 55 58 56 59 64 69 61
Gns. solskinstimar i månaden 139,5 140 195,3 222 285,2 333 350,3 337,9 282 220,1 153 127,1 2 785,4
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [1]Weatherbase[1]

Kjelder

endre