Antihydrogen er i fysikken eit antiatom som består av eit antiproton omkransa av eit positron. Dette er akkurat som eit vanleg hydrogenatom, men der kvar partikkel er bytt ut med sin respektive antipartikkel. Antihydrogen finst ikkje naturleg på jorda, men er blitt laga i laboratorium, først i CERN i 1995. Ein reknar med at antihydrogenet har dei same eigenskapane som hydrogen, bortsett frå at antihydrogenet ikkje kan eksistere saman med ordinær materie.

Sjå òg endre

Kjelder endre