Antje Harvey

(Omdirigert frå Antje Misersky)

Antje Harvey, tidlegare Antje Misersky, (fødd 10. mai 1967) er ein tidlegare tysk langrennar og skiskyttar frå Magdeburg som vart olympisk meister på 15 km skiskyting i 1992 og verdsmeister med Tyskland sitt stafettlag i 1995. Ho vann ytterlegare fire internasjonale medaljar, ei av dei i langrenn.

Antje Harvey


Statsborgarskap USA, Den tyske demokratiske republikken, Tyskland
Fødd 10. mai 1967 (56 år)
Magdeburg
Idrett skiskyting, langrenn
Tok del i

biathlon at the 1992 Winter Olympics – women's individual, biathlon at the 1992 Winter Olympics – women's sprint, biathlon at the 1992 Winter Olympics – women's relay, Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Stafett kvinner

Utmerkingar

Hall of Fame des deutschen Sports, Heidi-Krieger-Medaille

Langrenn endre

Antje Misersky tok til som langrennsløpar. 17 år gammal var med ho med på det austtyske laget som tok bronsemedaljen på 4 x 5 km stafett under Ski-VM 1985 i Seefeld. Far hennar var då austtysk langrennstrenar, men etter at han nekta å gje dottera steroidar vart både han og ho pressa til å slutte.

Skiskyting endre

I 1989 byrja Misersky med skiskyting. To år seinare deltok ho for Tyskland då det vart stafettbronse i VM i skiskyting 1991 i Lahti. Deretter vann ho gullmedaljen på 15 km under Vinter-OL 1992 i Albertville. Ho fylgde opp suksessen med sølvmedaljar både på 7,5 km og på 4 x 7,5 km stafett.

Under vinterleikane 1994Lillehammer vart det eit nytt stafettsølv på henne og Tyskland, året etter gjekk ho på laget som sigra på VM-stafetten i Antholz. Dei andre på laget var Uschi Disl, Simone Greiner-Petter og ankerkvinna Petra Behle.

Utvandring og pris endre

Misersky gifta seg i 1993 med ein USA-amerikanar. Ho utvandra til USA i 1995 og busette seg i delstaten Utah. I 2005 vart ho tildelt Heidi-Krieger-medaljen, for å ha nekta å delta i den systematiserte dopinga av idrettsutøvarar i DDR-staten.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre