Anton Skulberg
Anton Skulberg (29. desember 1921–30. august 2012) var ein norsk veterinær-professor og politikar for Senterpartiet, fødd i Oslo. I 1972-73 var han kyrkje- og undervisningsminister i Korvald-regerjinga.
Anton Skulberg | |
Fødd | 29. desember 1921 Christiania |
---|---|
Død | 30. august 2012 (90 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Senterpartiet |
Yrke | politikar, veterinær |
Utdanna ved | Veterinærhøgskulen |
Barn | Per Kristian Skulberg |
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Europarådets parlamentarikerforsamling |
Skulberg utdanna seg til veterinær, tok eksamen i veterinærmedisin i 1949. Frå 1961 var han førsteamanuensis ved Institutt for næringsmiddelhygiene og forskningsleiar av Forskningsutvalet for konservar. I 1965 tok han doktorgraden på Norges veterinærhøgskule på avhandlinga Studies on the formation of toxin by clostridium botulinum. År 1970 vart han utnemnd til professor i næringsmiddelhygiene ved Norges veterinærhøgskule og året etter til direktør for Norsk institutt for næringsmiddelforskning.
I 1964 vart Skulberg vald til ordførar i Spydeberg kommune, dermed var han også medlem av fylkestinget i Østfold. Frå 1969 var han stortingsrepresentant for Senterpartiet i Østfold. Hausten 1972 vart han leiar for Kyrkje- og undervisningsdepartementet i Lars Korvald si mindretalsregjering beståande av Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre. Skulberg gjekk tilbake til Stortinget etter stortingsvalet 1973. I den andre og siste stortingsperioden sin, 1973-77, var han medlem av kommunal- og miljøvernkomiteen.
Skulberg vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1989.