Antonie Løchen

norsk politikar

Antonie Løchen (13. juli 185030. april 1933) var ein norsk venstrepolitikar og kvinnesakskvinne i Trondheim. Ho stifta Trondhjems Kvinnesaksforening, som ho også leia. Ho var også aktiv i Foreningen til Dyrenes Beskyttelse.

Antonie Løchen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. juli 1850
Inderøy kommune
Død

30. april 1933 (82 år)

Yrke politikar, kvinnesaksforkjemper
Politisk parti Venstre
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Far Herman Løchen
Mor Anna Margretha Jenssen Løchen
Ektefelle Olaf Strøm Løchen
Antonie Løchen på Commons
Foreldra til Antonie Løchen Anne og Herman Løchen.

Bakgrunn endre

Løchen vaks opp på Sundnes bruk i Inderøy, og gifta seg i 1874 med syskenbarnet sitt Olaf Løchen. Antonie og Olaf Løchen fekk to barn. Dottera Margit blei gift med arkitekten og målaren Gabriel Kielland; dei fekk sonen Olav. Sonen Finn blei disponent i eit trelastfirma i Oslo.[1]

Barneboka Smaahistorier om dyr inneheld dels forteljingar frå barndommen til Løchen i Inderøy og Mosvik, dels forteljingar motivert av engasjementet hennar for dyrevern.[2] Boka blei gjeven ut att i 2016 av Mosvik historielag.[3] Nokre av tekstene derfrå blei gjenbrukt i Lesebok for folkeskolen av Christian Killengreen frå 1926.[4] Ho var ven av og brevveksla med eventyrsamlaren Peter Christen Asbjørnsen, og har også skrive «Ungdomsminde om P. Chr. Asbjørnsen»,[5].

I Trondheim budde dei i Munkegata 30, vis-à-vis Stiftsgården. Olaf Løchen hadde sakførarkontor i tilknyting til leilegheita.[6][7]

Politikk endre

Løchen var ei av dei fyrste kvinnene som blei vald inn i kommunestyret i Trondheim. I 1901 blei ho Venstre-representant saman med Thora Storm.

Antonie Løchen er rekna som stiftaren av Trondhjems Kvindesagsforening i januar 1885;[8] stiftingsmøtet fann stad heime hos henne.[9][10][11][12][13] Ho var formann i foreininga 1887–1888 og 1891–1892.

I 1887 heldt Løchen føredraget «Om kvindelighed» i Trondheim, der ho bl.a. fortel: «I mine forældres ungdom, altsaa for snart 50 aar siden, var det aldrig tale om, at kvinder skulde lære at svømme, saa der var ingen anledning til debat om svømmings tilladelighed ligeoverfor kvindeligheden. Bade sig gjorde de dog, men – i yderste hemmelighed ! Kvinder maatte aldrig tale om at de badede sig, – fy, det vilde være frygtelig upassende ! Nei, man listede sig ned til søen eller badeanstalten, for at mændene ikke skulle se det, og mødte man saa en af dem, og man troede at han forstod, i hvilken uanstendig hensigt man var gaaet ud, da var man nær ved at synke i jorden af undseelse». Føredraget blei trykt i tidsskriftet Nylænde same år.[14][15] Føredraget «Sundheden og kvindesagen» frå 1885 blei utgjeve som pamflett.[16]

Ekteparet Løchen tilhøyrde Venstremiljøet i Trondheim i 1880-åra,[7] eit miljø der lagmann Jacob Lindboe var ein nykelperson. Ho skreiv om dette i ein serie avisartiklar, «Minner fra lørdagskveldene i lagmann Lindboes hjem».[17][18]

Løchen var også engasjert i Foreningen til Dyrenes Beskyttelse.[19] Ho blei tildelt Foreningen til Dyrenes Beskyttelses sølvmedalje då foreininga hadde 60-årsjubileum i 1919.[20]

Antonie Løchens veg på Byåsen i Trondheim blei kalla opp etter ho i 1965.[21][22]

Kjelder endre

  1. Studentene fra 1896: biografiske opplysninger samlet til 25-aarsjubilæet 1921. 1921. s. 181. 
  2. Løchen, Antonie (1850-1933) (1909). Smaahistorier om dyr. Aschehoug. 
  3. ISBN 978-82-91273-32-7
    Smaahistorier om dyr; Mosvik museum og historielags hjemmeside
  4. Killengreen, Christian (1887-1958) (1926). Lesebok for folkeskolen. Some & co. 
  5. Nordmandsforbundets julenummer 1926
  6. Folketelling 1885 for 1601 Trondheim kjøpstad; Digitalarkivet
  7. 7,0 7,1 Sigrid Haavik. «Antonie Løchen – 'troende til alt mulig'». I Eynni Idri, årbok for Inderøy museums- og historielag 2008
  8. Trondhjems kvinnesaksforenings arkiv 1885-1995 finnes på NTNU Universitetsbiblioteket, Gunnerusbiblioteket
  9. Agerholt, Anna Caspari (1892-1943) (1937). Den norske kvinnebevegelses historie. Gyldendal. s. 78. 
  10. Thora Storm (1914). «Trondhjems Kvindesaksforening». Norske kvinder: en oversigt over deres stilling og livsvilkaar i hundredeaaret 1814-1914. Berg & Høgh. s. 81-85. 
  11. Kronikk: Pionerer i stemmerettskampen; Adresseavisen, 23.2.2013
  12. Marthe Lund Jensen: «Trondhjems Kvinnesaksforening» (s. 45–62). I «Fra veldedighet til kvinnesak». NTNU, 2015
  13. Gudrun Bergslid: Trondhjems Kvinnesaksforening 1885–1967, Trondheim, 1967
  14. Alnæs, Karsten (1938-) (1999). Historien om Norge. 4 : En ny arbeidsdag. Gyldendal. s. 103. ISBN 8205230315. 
  15. Bugge, Astrid (1902-1988) (1961). Touristinder og andre sportspiker: blad av sportsdraktens og kvinne-emansipasjonens historie. Johan Grundt Tanum. s. 129. 
  16. Norske politiske brosjyrer 1768-1982: katalog over UBT/Bs samling. Biblioteket. 1983. s. 33. ISBN 8271130439. 
  17. Nidaros 25., 27. og 30. mai 1922;
    jfr Støren, Wilhelm K. (1921-1997) (1997). Bibliographia Trondhjemiana: litteratur om Trondheim trykket før 1990. Universitetsbiblioteket i Trondheim. s. 653. ISBN 8271130730. 
  18. Lindboe, Asbjørn (1961). Lagmann Lindboe: en politikerprofil og noen tidsbilder fra 1880-1890 årene. Tanum. 
  19. Sverresborg Trøndelag Folkemuseum har i sine samlinger et diplom fra Foreningen til dyrenes beskyttelse i Trondhjem og omegn som er signert av blant andre Antonie Løchen.
    «Diplom fra Foreningen til dyrenes beskyttelse i Trondhjem og omegn tegnet av Nils Ryjord». Digitalt Museum. Henta 29.07.2016. 
  20. Morgenbladet 20. oktober 1919. 1919. 
  21. Bratberg, Terje T.V. (1955-) (1996). Trondheim byleksikon. Kunnskapsforl. s. 54. ISBN 8257306428. 
  22. Gatenavn: Stiftet Trondhjems Kvinnesaksforening9 Arkivert 2016-08-14 ved Wayback Machine.; Adresseavisen, 17.10.2006

Bakgrunnsstoff endre