Opna hovudmenyen

Jacob Albert Lindboe (3. september 18434. februar 1902) var ein embetsmann og stortingsmann frå Christiania. Han var medlem av Venstre. Asbjørn Lindboe var sonen hans.

Jacob Lindboe
Lagmann Jacob Lindboe.JPG
Fødd3. september 1843
Christiania
Død4. februar 1902
Christiania
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, advokat, dommar

Lindboe var son til ein kjøpmann. Sjølv vart han student i 1863 og cand. jur. i 1867. Frå 1869 var han overrettssakførar i Trondheim, deretter sorenskrivarNordmøre 1891-92, og sidan lagmann i Eidsiva og Frostating.

Han var medlem av formannskapet i Trondheim 1882-86, samt 1884-90 direktør for Noregs Bank i Trondheim. Medlem av representantskapen i Noregs Bank 1893-1901, formann i denne frå 1894.

Lindboe var 1. representant frå Trondheim og LevangerStortinget 1895-1900. Begge dei to valperiodane var han medlem av konstitusjonskomiteen, 1898-1900 var han formann i den militære straffelovskomiteen og medlem av valkomiteen.

Lindbøe døydde i Kristiania.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914