Antonio Benarrivo

italiensk fotballspelar

Antonio Benarrivo (fødd 21. august 1968) er ein italiensk tidlegare fotballspelar frå Brindisi. Han var ein offensiv sideback på Italia sitt lag i VM-finalen 1994 og vann to internasjonale cupturneringar og to nasjonale pokalar med Parma FC.

Antonio Benarrivo
Benarrivo i 1993
Personleg informasjon
Fullt namn Antonio Benarrivo
Fødselsdato 21. august 1968 (55 år)
Fødestad Brindisi
Høgd 170 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1986-1989 Brindisi FC 76 (2)
1989-1991 Padova 69 (7)
1991-2003 Parma 258 (5)
Totalt 327 (14)
Landslag
1993-1997 Italia 23 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Karriere

endre

Klubbspel

endre

Benarrivo var aktiv med Serie C-laget Brindisi frå 1986 til han 1989 fekk kontrakt med Padova i Serie B. I 1991 vart han overført til Parma FC i toppdivisjonen. Her hadde han stor suksess, med triumfar i den nasjonale cupen i 1992 og cupvinnarcupen 1993. To år seinare var med å vinne UEFA-cupen 1995, etter to finaleskåringar av lagkamerat Dino Baggio mot Juventus. I 1999 mista Benarrivo plassen i fyrsteellevaren og fekk såleis ikkje med Parma-sigrane i den italienske cupen og i UEFA-cupen same våren. Sidan vart det mykje benkesliting til han la opp i 2004, men han fekk seg 2002-finalen i den italienske cupen der det vart Parma-tap 1-3 mot Juventus.

Landslagsspel

endre

Benarrivo spelte 23 kampar for Italia i tida 1993-97, utan å skåre mål. Bortsett frå Italias fyrste kamp i VM i fotball 1994 i USA, spelte han alle VM-kampane frå og med 1-0 sigeren over Noreg, til den mållause VM-finalen mot Brasil som enda med tap i straffeskytinga.

Merittar

endre
  • VM-sølv: 1994 for Italia[1]
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1993 med Parma FC
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1995 med Parma FC
  • Italiensk cupmeister: 1992 med Parma FC[2]

Kjelder

endre
  1. «Che fine hanno fatto? Benarrivo, dalla fascia al cantiere» (på italiensk). Sky.it. 22. mars 2011. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 26. januar 2015. 
  2. «Antonio Benarrivo». Henta 26. januar 2015.