Any Way You Want It av The Dave Clark Five

Any Way You Want It
Singel av The Dave Clark Five
frå albumet Coast to Coast
B-side

«Crying Over You», «Because» i Storbritannia

Utgjeve oktober 1964
Sjanger
Lengd 2:29
Selskap Columbia DB 7377
Låtskrivar(ar) Dave Clark
Produsent Adrian Clark
The Dave Clark Five-kronologi 
«Thinking of You Baby»
(1964)
Any Way You Want It «Everybody Knows (I Still Love You)»
(1965)


«Any Way You Want It» er ein song av The Dave Clark Five frå det amerikanske albumet Coast to Coast (1964). Singelen nådde 25. plassen på singellista i Storbritannia og 14. plassen i USA. Songen er skriven av Dave Clark.

Det vert nytta ekko og klang på songen med hjelp av ein Echoplex. Songen vart framført på fleir fjernsynsshow The Ed Sullivan Show og Shindig!. Sidan dei brukte så mange effektar på songen måtte dei mime til framføringa. I Storbritannia var B-sida «Because».

Andre utgåver endre

Songen vart spelt inn av Kiss på studiosida av konsertalbumet Alive II (1977).

Songen vart òg spelt av Ramones med Eddie Vedder frå Pearl Jam som gjestevokalist på den siste konserten deira den 6. august 1996 i The Palace i Los Angeles. Denne versjonen kom ut på albumet We're Outta Here! (1997).

Ein studioversjon med C.J. Ramone som duettpartnaren til Joey Ramone kom ut som bonusspor på Greatest Hits Live (1996).

Tom Petty and the Heartbreakers inkluderte sin versjon av songen i plateboksen The Live Anthology (2009).

Kjelder endre