«Anytime You Need» var det armenske bidraget i Eurovision Song Contest 2007, framført på engelsk og armensk av Hayko. Dette var det fyrste gongen armensk vart nytta i eit bidrag i tevlinga.

«Anytime You Need»
ESC 2007 Armenia - Hayko - Anytime you need.jpg
Eurovision Song Contest 2007
Land Armenia
Alias Hayko
Språk Engelsk og armensk
Komponist(ar) Hayko
Låtskrivar(ar) Hayko og Karen Kavaleryan
Resultat
Semifinalepoeng X
Semifinaleplass X
Finalepoeng 138
Finaleplass 8
Armenia i Eurovision Song Contest
«Without Your Love»
(2006)
«Anytime You Need» «Qélé, Qélé»
(2007)

Eurovision Song Contest 2007Endra

På grunn av at songen «Without Your Love», framført av André, enda på åttandeplass i 2006 vart Armenia direktekvalifisert til finalen.

Songen starta som nummer 23 i finalen, etter Tyrkia med «Shake It Up Şekerim» av Kenan Doğulu og før Moldova med «Fight» av Natalia Barbu.

Bidraget fekk tolv poeng frå Georgia og Tyrkia, ti poeng frå Frankrike, Russland, Nederland, Polen, Tsjekkia og Belgia, åtte poeng frå Spania, Bulgaria og Kypros, seks poeng frå Hellas, fem poeng frå Kviterussland, Ukraina, Israel og Austerrike og to poeng frå Tyskland og Moldova. Armenia fekk til saman 138 poeng og enda på åttandeplass av totalt 24 bidrag.

KjelderEndra