Armenia i Eurovision Song Contest

Armenia debuterte i Eurovision Song Contest i 2006 og har delteke 13 gongar. Sidan debuten har Armenia kvalifisert seg til finalen 10 gongar. Armenia har blitt slått ut i semifinalen tre gongar: i 2011, 2018 og 2019. Armenia har aldri vunne Eurovision Song Contest, men den beste plasseringen til Armenia er to fjerdeplassar: i 2008 og 2014.[1]

Armenia
EuroArmenia.svg
Offisielt Armenia

Hayastani Hanrayin herrustaynkerut’yun
Uttakingar
Nasjonalt 5
Internt 8
Deltaking
Debutår 2006
Deltakingar 13
Beste resultat
Semifinalen 2 (2008 og 2016)
Finalen 4 (2008 og 2014)
Verste resultat
Semifinalen 16 (2019)
Finalen 18 (2013 og 2017)
Poeng
Semifinalane 1 315
Finalane 1 276
Totalt 2 591

HistorieEndra

Det er den armenske kringkastaren Hayastani Hanrayin herrustaynkerut’yun (ARMTV) som har rettane til å sende Eurovision Song Contest i Armenia. I 2006 sendte Armenia sitt fyrste bidrag til Eurovision Song Contest; André med «Without Your Love». Han kom på sjetteplass i semifinalen og kvalifiserte seg dimed til finalen. Der hamna André på åttendeplass med 129 poeng. Med åttendeplassen, var Armenia direktekvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest 2007. Fram til 2011 kom Armenia på topp ti kvart år. Sidan har resultata vore varierte, og Armenia vart slått ut i semifinalen to år på rad i 2018 og 2019.

Fråværa i 2012 og 2021Endra

I Düsseldorf i 2011 vart artisten Emmy og «Boom Boom» slått ut i sin semifinale, og for fyrste gong klarte ikkje Armenia å ta seg vidare til ein Eurovision-finale.

Året etter, valde Armenia ikkje å deltake, sidan nabolandet og erkefienden Aserbajdsjan skulle arrangere Eurovision Song Contest etter å ha vunne året før.[2] Dei to landa har ein langvarig og konfliktfylt historie, blant anna striden om regionen Nagorno-Karabakh.[3] Vinteren 2012 satte armenske artistar i gong ein underskriftsaksjon for å få Armenia til å trekkje seg frå tevlinga, sidan dei meinte Aserbajdsjan nyleg hadde utvist «anti-armenske haldningar». Aserbajdsjanske myndigheiter på si side garanterte for tryggleiken til den armenske delegasjonen, men Armenia valde til slutt å trekkje seg frå tevlinga.[4] Armenia kom tilbake til Eurovision Song Contest igjen i 2013 og deltok kvart år fram til 2020.

I 2021 var Armenia påmelde til tevlinga, men vedtok å trekkje seg i mars 2021, berre ei veke før tidsfristen gjekk ut for å levere inn bidrag.[5] Kringkastaren forklara vedtaket om å trekkje seg frå tevlinga med den politiske uroa i landet som eskalerte vinteren 2020-2021, der kuppmakarane kravde at statsministeren Nikol Pasjinian skulle gå av.[6] Uroa skuldast frustrasjon med den økonomiske utviklinga i landet, og utfallet av krigen om Nagorno-Karabakh, der Armenia vart tvinga til å gje frå seg område til erkerivalen Aserbajdsjan.[6][7]

BidragEndra

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
  2006 André «Without Your Love» Engelsk 129 8 150 6
  2007 Hayko «Anytime You Need» Engelsk og armensk 138 8 Direktekvalifisert
  2008 Sirusho «Qélé, Qélé» Engelsk og armensk 199 4 139 2
  2009 Inga og Anusj «Jan Jan» Engelsk og armensk 92 10 99 5
  2010 Eva Rivas «Apricot Stone» Engelsk 141 7 83 6
  2011 Emmy «Boom Boom» Engelsk Ikkje kvalifisert 54 12
  2012 Deltok ikkje
  2013 Dorians «Lonely Planet» Engelsk 41 18 69 7
  2014 Aram MP3 «Not Alone» Engelsk 174 4 121 4
  2015 Genealogy «Face the Shadow» Engelsk 34 16 77 7
  2016 Iveta Mukutsjan «LoveWave» Engelsk 243 7 243 2
  2017 Artsvik «Fly With Me» Engelsk 79 18 152 7
  2018 Sevak Khanagjan «Qami» Armensk Ikkje kvalifisert 79 15
  2019 Srbuk «Walking Out» Engelsk 49 16
  2020 Athena Manoukian «Chains on You» Engelsk Avlyst
  2021 Deltar ikkje

GalleriEndra

RøystehistorikkEndra

FinalaneEndra

Armenia har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01   Russland 126
02   Georgia 75
  Hellas
04   Frankrike 73
05   Ukraina 70

Armenia har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Georgia 93
02   Russland 91
03   Frankrike 86
04   Hellas 71
05   Bulgaria 70

SemifinalaneEndra

Armenia har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01   Russland 91
02   Hellas 71
  Kypros
04   Georgia 66
05   Malta 56

Armenia har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Russland 96
02   Hellas 87
03   Nederland 75
04   Belgia 68
05   Spania 61

Kommentatorar og talspersonarEndra

År Kommentator Talsperson
  2006 Gohar Gasparyan og Felix Khachatryan Gohar Gasparyan
  2007 Gohar Gasparyan Sirusho
  2008 Felix Khachatryan og Hrachuhi Utmazyan Hrachuhi Utmazyan
  2009 Sirusho
  2010 Hrachuhi Utmazyan og Khoren Levonyan Nazeli Hovhannisyan
  2011 Lusine Tovmasyan
  2012 Deltok ikkje

Sjå ògEndra

ReferansarEndra

  1. «Armenia – Eurovision Song Contest». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 4. desember 2016. 
  2. «Armenia trekker seg fra Melodi Grand Prix» (norsk). Verdens Gang. 7. mars 2012. Henta 12. april 2014. 
  3. Tommy Alexander Lund (5. november 2014). «Den glemte konflikten i Kaukasus». Minerva. Henta 4. desember 2016. 
  4. «Armenia pulls out of Azerbaijan-hosted Eurovision show». BBC News. 7. mars 2012. Henta 4. desember 2016. 
  5. «Armenia withdraws from Eurovision Song Contest 2021». Eurovision.tv (engelsk). 5. mars 2021. Henta 5. mars 2021. 
  6. 6,0 6,1 Dorholt, Ingunn (25. februar 2021). «Kuppforsøket: – Folket er lei». dagbladet.no (norsk). Henta 5. mars 2021. 
  7. Nilas Johnsen (20. februar 2021). «Armenia: Demonstranter krever statsministerens avgang». www.vg.no (norsk bokmål). VG Nett. Henta 5. mars 2021. 

KjelderEndra