Anzjela Balakhonova

Anzjela Anatolijivna Balakhonova (fødd 18. desember 1972) er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar frå Sjakhtarsk som i 1998 vart den fyrste kvinnelege europameisteren i stavhopping. Året etter vann ho VM-sølv i øvinga.

Anzjela Balakhonova
Statsborgarskap Ukraina
Fødd 18. desember 1972 (51 år)
Sjakhtarsk
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Utmerkingar

3. klasse av Fyrstinne Olgas orden, 3. klasse av Ukrainas fortjenesteorden

Aktiv endre

Balakhonova var ein av dei fremste utøvarane i pionertida for kvinneleg stavhopping. Vinteren 1998 sette ho ny verdsrekord med 4,45 meter då ho vann øvinga ved innandørs-VM i Valencia. Eit lite halvår seinare vann ho gullmedaljen ved europameisterskapen i Budapest med 4,31 m. Under verdsmeisterskapen 1999 forbetra ho europarekorden til 4,55 m og vann sølvmedaljen, gullet tok Stacy Dragila med ny verdsrekord på 4,60 m. I Sommar-OL 2000 kvalifiserte Balakhonova seg greitt til finalen, i finalen rauk ho ut på opningshøgda si, 4,25 m.

Tidleg i juni 2004 forbetra Balakhonova sitt personbeste til 4,57 meter i Jalta. I den olympiske stav-finalen i Aten i august månad vart ho nummer seks etter å ha klart 4,40 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre