Aiodos er ein klassisk gresk skald frå antikken. Det greske ordet aoidos (ἀοιδός, fleirtal aoidoi, ἀοιδοί) refererte til ein klassisk skald. I moderne homerisk forsking brukar ein aoidos som den tekniske nemninga for ein dyktig munnleg episk poet i tradisjonen ein reknar Iliaden og Odysseen til å ha tilhøyrt (samanlikn med rhapsodos).[2]

Aoid og det ytre rommet. Allegori av Mikhail Kurusjin[1]

Song og poesi i Iliaden og Odysseen endre

På klassisk gresk er ordet aoidos, 'skald', eit agentsubstantiv avleidd frå verbet aeidein (ὰείδειν) eller adein (ᾄδειν), 'å kveda'. Det finst fleire gonger i forskjellige former i begge Iliaden og Odysseen i forhold til poesi:

  • Iliaden 18.490–496 (på Akilles sitt skjold): ein bryllaupssong, hymenaios, med fløyter, lyrer og dans.
  • Odysseen 23.133–135: ein bryllaupssong med dans, leidd av songaren Femios: det er ikkje noko bryllaup, men Odyssevs ynskjer å skapa eit inntrykk av festlegeheit medan han drep belarane
  • Iliaden 18.567–572 (på Akilles sitt skjold): eit barn kved og speler lyre for å akkompagnera innhaustinga. Songen er ein linos.
  • Iliaden 18.593–606 (på Akilles sitt skjold): jenter og gutar deltar i ein song-dans kalla molpe
  • Odysseen 8.250–385: Jenter og gutar deltar i ein molpe; Demodokos kved og spelar lyre. Songen hans handlar om kjærleiksforholdet til krigsguden Ares og kjærleiksgudinna Afrodite.[3]
  • Iliaden 22.391–393: Dei unge krigarane til Akilles kved ein paieon, ein lovsong, medan dei drar liket til Hektor tilbake til skipa sine
  • Iliaden 24.720–761: I Troja leier songarar klagesongen over liket til Hektor og kvinner sørgar etter dei; dei tre kvinnene som utfører klager individuelt er Andromakhe, Hekabe og Helena
  • Iliaden 19.301–338: I den greske leiren, over liket til Patroklos, syng Akilles først, deretter Briseis følgd av kvinnene, deretter Akilles igjen følgd av dei gamle mennene
  • Odysseen 24.58–62: I den greske leiren (som skildra av spøkelset til kong Agamemnon) klagar havnymfene over liket til Akilles og musene svarar, følgd av alle grekarane
  • Iliaden 9.186–191: Akilles gleder sinnet sitt og kved om ryet til mennene. Han akkompagnerer seg sjølv på lyra; den einaste tilhøyraren er Patroklos
  • Odysseen 1.150–340: Femios kved for belarane, etter ein bankett, ein forteljande song om krigarane som kom heim frå Troja (nostoi).
  • Odysseen 8.73–75: Demodokos kved for Alkinoos og gjestene hans, etter middagen, ein forteljande song om krangelen til Odyssevs og Akilles
  • Odysseen 8.536–538: Demodokos byrjar å synga for Alkinoos og gjestene hans, etter ein bankett, ein forteljande song om trehesten.

Om profesjonell skaldskap endre

I verda som er beskriven i desse dikta, er skriving praktisk talt ukjent (sjølv om bruken av den er antyda i ein mindre episode, historia om Bellerofon); poesi er «song», og poetar er «skaldar».[4] Seinare, i det femte og fjerde hundreåret, vart framføringa av episk poesi kalla rhapsodia, og utøvaren rhapsodos, men ordet opptrer ikkje i dei tidlege eposa eller i moderne lyrisk poesi, så det er ukjent om Hesiod og diktaren/diktarane av Iliaden og Odysseen ville ha rekna seg sjølv som rapsodar. Det er vorte hevda av Walter Burkert, og er akseptert av nokre nyare forskarar, at rhapsodos per definisjon var ein utøvar av ein fast, skriven tekst og ikkje ein kreativ munnleg poet.[5] Det er ikkje eingong kjent i kva grad skaparane av munnleg episk poesi var spesialistar. Femios og Demodokos i Odysseen er vortne avbilda medan dei framfører episke så vel som «uepiske» songar.

Det fanst likevel absolutt eit yrke som aoidos. Evmaios, ein figur i Odysseen, seier at skaldar (aoidoi), healerar, sjåarar og handverkarar sannsynlegvis vil bli ønskt velkommen som gjestar, medan tiggarar ikkje er det; utanfor verda skildra av Homer, gir Hesiod ei liknande liste i form av eit ordtak om profesjonell sjalusi.[6]

I følgje Iliaden og Odysseen henta songarar inspirasjonen sin frå musene. Hesiod fortel korleis musene besøkte han medan han passa sauene sine på Elikónas-fjellet og gav han denne inspirasjonen, slik at han kunne synga både om framtida og fortida. Ein anekdote i Iliaden om Thamyris viser at musene også kunne ta frå folk det dei hadde gitt. Liksom i visse andre kulturar vart blinde menn nokre gonger skaldar: Demodokos i Odysseen er blind, og den legendariske skaparen av Iliaden og Odysseen, Homer, vart ofte sagt å ha vore blind.

Publikum for framsyningar av aoidoi varierte avhengig av sjanger og omstende (sjå lista over). Ifølgje Iliaden kunne kvinner delta i, og nokre gongar leia, klagesongar. Mange av dikta til Sapfo er retta til kvinner og ser ut til å forventa eit publikum av kvinner. For narrativ (episk) poesi vert det nokre gonger sagt at publikum utelukkande var mannleg; dette er ei overdriving (til dømes lyttar Penelopeia til, og avbryt, ei oppføring skildra i Odysseen), men det er sannsynlegvis i stor grad sant på grunn av avsondringa til kvinner i den tidlege greske oldtida.

Aoidoi og skapinga av Iliaden og Odysseen endre

Det har vist seg frå samanliknande studiar av munnlegheit at Iliaden og Odysseen (så vel som verka til Hesiod) kjem frå ein tradisjon med munnlege epos. I munnlege forteljartradisjonar er det inga eksakt overføring av tekstar; snarare vert historier overførte frå ein generasjon til ein annan av bardar, som bruker formlar for å hjelpa til med å hugsa eit stort tal linjer. Desse diktarane var berarar av den tidlege greske munnlege episke tradisjonen, men lite er kjent om dei.[7] Då nedskrivinga av dikta fann stad (datoar mellom 750 og 600 f.Kr. vert oftast foreslått), la ikkje samtidige poetar og forfattarar som kan ha kjent til namna på diktaren eller diktarane til namn. Ifølgje klassiske greske kjendar levde Homer lenge før dei to dikta vart skrivne ned.[8]

Kjelder endre

  1. Ban'kowski 1986
  2. Graziosi, Barbara (2002). Inventing Homer: the early reception of epic (Cambridge University Press utg.). Cambridge. 
  3. Kleiva, Rønnaug (1996), Greske gudar og gudinner, Norske samlaget, ISBN 82-521-4651-1, OCLC 53794595, henta 13. september 2022 
  4. Lord, Albert Bates (1960). The singer of tales, (Harvard University Press utg.). Cambridge, Mass. 
  5. Burkert, Walter (1987). «The making of Homer in the 6th century BC: rhapsodes versus Stesichorus». Papers on the Amasis painter and his world, Malibu: Getty Museum: 43–62. 
  6. Hesiod, Verk og Dager, s. 25-26
  7. Latacz, Joachim (2004). Troy and Homer: towards a solution of an old mystery (Oxford University Press utg.). Oxford. ISBN 978-0-19-926308-0. 
  8. Parry, Milman (1971). Parry, Adam, red. The making of Homeric verse (Clarendon Press utg.). Oxford.  [The collected papers of Milman Parry, :]
Bibliografi