Femios (på gammalgresk Φήμιος / Phémios etter φῆμις / phêmis, 'språk') er ein skald frå Homers Odysseen.[1]

Skalden Femios kvad blant belarane, John Flaxman.

Som skald ved hoffet til Odyssevs, på Ithaka, dukkar han opp i den fyrste songen,[2] under ein bankett organisert for belarane.[1]

«Desse i halli enn satt stille og høyrde paa skalden der um den motgang han kvad, som disi Pallas Atene lét Akaiarne røyne, daa heim der fór ifraa Troia.»[3]

(omsett av Arne Garborg, «Odysseen», s.9, år 1918)

Som fortald i Odysseen: «Men frå loftet sitt av den umtenkte Penelopeia, Ikaros-dotteri, vel kunde høyre skalden.»[1] Penelopeia bad skalden om å stoppa denne songen som smertefullt minna henne om den fråverande ektemannen hennar. Telemakhos bad mora om å la Femios kvad. Trass alt, hevda han, har andre heltar enn Odyssevs kjent ulykker då dei fór heim ifrå Troja.

Skalden dukkar opp igjen i song XXII, der han blir kalla Terpios-sonnen Femios, under massakren på belarane.[1] Med lyra si i handa bønnfall han Odyssevs om å skåna han, og hevda at han vart tvinga til å opptre føre belarane. Telemakhos kom han til unnsetning og Odyssevs lét han gå.

Kjender endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Homer, nynorsk omsett av Arne Garborg (1918). Odysseen. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard). s. 13. 
  2. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 9. september 2022 
  3. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 9. september 2022