Musene (gresk Μουσαι, Mousai, frå protoindoeuropeisk *men- 'tenk', eller gresk Mousa - «rørsle») er kvinnelege skapnader frå gresk mytologi med samband til kunst og vitskap. Omgrepet er seinare blitt tekne inn i moderne europeisk andsliv og brukt om både idéar og kvinner av kjøt og blod som har inspirert kunstverk. Talet på muser varierte frå tre til ni. Det vert gjerne nemnd saman med dei tre gratiene.

Tre muser.

Dei opphavlege tre musene var kalla Mneme (Minne), Melete (ettertanke) og Aiode (song). Dei vert kalla dei tre attiske musene. Seinare vart mytologien kring dei utvida, og talet auka til ni. Hesiod fortel at Zevs fekk ni døtrer med Mnemosyne (Minne), og desse skulle vakte dei ni musiske kunstene. Førar for dei var skaldeguden Apollon.

Namna på dei er:[1]

  • Urania (namnet er knytt til himmelkvelven Ouranos), muse for Astronomi. Ho er avbilda med globus.
  • Kleio, muse for historie. Avbilda med pergamentrull og griffel.
  • Polyhymnia (den hymnerike) muse for musikk eller opphavleg den sfæriske musikken.
  • Thalia, muse for komedien, avbilda med maske, krans og stav. Blandast ofte med Thaleia, ein av gratiene.
  • Melpomene, muse for tragedien, med maske.
  • Therpsikhore (glederik dans), muse for dans, med lyre.
  • Kalliope (fager røyst), muse for episke dikt og heltekvad.
  • Erato, muse for kjærleiksdikting, òg med strengeinstrument.
  • Euterpe, muse for lyrisk poesi, med dobbelfløyte. Ho er òg muse for hyrdedikt.

Musiske kunstar endre

Frå verkeområda til musene vert dei musiske kunstene avleidd. Dei musiske kunstene vert definerte som rørslekunster, dei som syner seg i tid, ikkje i rom. Dette gjeld forteljing, teater, dans og musikk. Vidare sjølvsagt [[litteratur[[ og film. Alle desse skil seg frå dei plastiske kunstene (skulptur, biletkunst og anna), ved at dei er til stades i augneblinken, og så vert borte. Dei plastiske kunstene vart vakta av gratiene. Astronomi og historiefaget er sjølvsagt knytt til muse-verksemda, historia av di ho er forteljing, og astronomi av meir filosofiske årsaker. I seinantikken tenkte folk mykje på sfærisk musikk i tradisjonen etter Pythagoras.

Kjelder endre

  1. «muser». Store norske leksikon (på norsk). 31. oktober 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Muser
  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.