Aoua Kéita (12. juli 19127. mai 1980) var ei malisk jordmor, politikar og skribent. Ho var den fyrste kvinna i fransktalande Vest-Afrika som blei vald inn til den lovgjevande nasjonalforsamlinga i sitt land.[1]

Aoua Kéita

Statsborgarskap Mali
Fødd 12. juli 1912
Bamako
Død

7. mai 1980 (67 år)
Bamako

Yrke politikar, skribent, fagforeiningsleiar, kvinnesaksforkjemper, jordmor
Språk fransk
Politisk parti Union soudanaise-Rassemblement démocratique africain
Aoua Kéita på Commons

Politikk og kvinnesak endre

Kéita utdanna seg til jordmor i Dakar i Senegal. Som jordmor blei ho klår over alle problem og vanskar kvinnene hadde, og tok med seg denne kunnskapen inn i sitt politiske arbeid. Både ho og den fyrste mannen hennar, Daouda Diawara, var svært aktive i det sosialistiske politiske partiet Rassemblement Démocratique Africain (RDA). Ektefellane hadde eit godt, likeverdig forhold, men då det blei klart at ho ikkje kunne få barn, pressa svigermora dei til å skilje seg.[1]

På grunn av si militante politiske haldning og praksis, blei Kéita forvist til Senegal, og seinare til ein fjerntliggjande region i Mali, nær den mauritanske grensa. I 1956 reiste ho tilbake til Bamako, og blei vald inn i sentralkomitéen til RDA.[1]

RDA spelte ei viktig rolle i frigjeringa frå den franske kolonimakta i Fransk Vest-Afrika og Fransk Ekvatorial-Afrika.[1] Kéita arbeidde for rettane til kvinner og bidrog til å etablere ei eiga kvinnefløy i partiet.

Ved sida av dei politiske gjeremåla sine etablerte Kéita i 1956 ei fagforeining for kvinner, Union des Femmes Travailleuses, og ho var sjølv leiar i foreininga dei fyrste åra. I 1958 blei ho utnemnd til ombod (commissioner) for kvinner i RDA, og to år seinare blei ho vald inn i det maliske parlamentet, som einaste kvinne. Ho var medverkande til å utforme og få gjennomført ei lov om ekteskap og formyndarskap i 1962. Denne gav nye rettar til maliske kvinner. I 1966 slutta ho å arbeide som jordmor. Seinare var ho med på å etablere ein panafrikansk kvinneorganisasjon.[2]

Då den maliske presidenten Modibo Keïta blei styrta i eit militærkupp i 1968, forlet Kéita og den andre mannen hennar landet og slo seg ned i Brazzaville, i Republikken Kongo. Då forholda blei betre i Mali – og samstundes dårlegare i Kongo – flytta ho og mannen til Bamako i 1979. Der døydde ho året etter.

Forfattarskap endre

Kéita høyrer med til den første generasjonen afrikanske, kvinnelege forfattarar som er blitt kjende utanfor sitt eige land. Som mange av dei andre kvinnene, har ho skriver tekster som er litt på sida av det reint litterære. Det viktigaste verket hennar er boka Femme d'Afrique: la Vie d'Aoua Keita racontée par elle‐même (1975). Teksta er sjølvbiografisk og historisk. Boka skildrar medverknaden hennar som militant aktivist i 1960-åra.[3]

I 1976, året etter at Kéita hadde publisert sjølvbiografien, blei ho tildelt ein litteraturpris, Grand prix littéraire d’Afrique noire.[4]

Prisar og ettermæle endre

Gjennom åra mottok Kéita fleire utmerkingar for den politiske innsatsen sin.[5]

Viktigheita av Kéita sin innsats som politikar og aktivist for rettane til kvinner blei verdsett også etter at ho var død, og førte blant anna til at feministorganisasjonen i Mali Association pour le Progrés et la Défense des Droits des Femmes (‘Foreininga for utvikling og forsvar av rettane til kvinner’) oppretta ein pris i hennar namn: Prix Aoua Kéita.[6] Prisen blir delt ut årleg for å lønne «innsatsen, engasjementet og motet til kvinner og menn for å fremje og forsvare rettane til kvinner».[1][7]

Det er også etablert eit informasjonssenter i hennar namn: Centre de Formation Professionelle Aouta Kéita. Det inneheld eit bibliotek og andre informasjonsressursar for kvinner.[1]

UNESCO har inkludert Aoua Kéita i sin oversikt over viktige kvinner i afrikansk historie.[8]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Sheldon, Kathleen. Historical Dictionary of Women in Sub-Saharan Africa. s. 145–146. 
  2. «UNESCO Women in Africa History | Women». en.unesco.org. Henta 8. november 2021. 
  3. Jack, Belinda (1995). «Keita, Aoua». The New Oxford Companion to Literature in French (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-866125-2. doi:10.1093/acref/9780198661252.001.0001/acref-9780198661252-e-2499. Henta 8. november 2021. 
  4. «Historique du Grand Prix Littéraire d’Afrique Noire – ADELF» (på fransk). Henta 8. november 2021. 
  5. «Aoua Keita». aflit.arts.uwa.edu.au. Henta 8. november 2021. 
  6. «Résultats de recherche pour « prix aoua » – APDF». apdfml.org. Arkivert frå originalen 8. november 2021. Henta 8. november 2021. 
  7. originalteksten, kriterium for tildeling av prisen (fransk): « l'effort, le dévouement, et le courage des femmes et les hommes » pour la « promotion et la défense des droits de la femme »
  8. «UNESCO Women in Africa History | Women». en.unesco.org. Henta 3. november 2021. 

Bakgrunnsstoff endre

  • Ophélie Rillon, Massiré Tounkara (illustrasjoner) (2017). «Aouta Keita» (PDF). UNESCO.  Tegneserie