Kongo-Brazzaville

(Omdirigert frå Republikken Kongo)
Må ikkje forvekslast med nabolandet, Den demokratiske republikken Kongo.
République du Congo

(norsk: Kongo-Brazzaville, brazzavillekongolesisk)

Det brazzavillekongolesiske flagget Det brazzavillekongolesiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «La Congolaise»
Motto Unité, Travail, Progrès
(Eining, arbeid, framsteg)
Geografisk plassering av Kongo-Brazzaville
Offisielle språk Fransk (offisielt), kituba og lingala
Hovudstad Brazzaville
Styresett
Republikk
Denis Sassou-Nguesso
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
342 000 km² (63.)
3,3 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
4 954 674 (123.)
14,5 /km² (176.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Frankrike
15. august 1960
Nasjonaldag 15. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
28 920 mill. USD (126.)
7 600 USD (125.)
Valuta CFA-franc
Tidssone UTC +1
Telefonkode +242
Toppnivådomene .cg


Republikken Kongo, også kjend som Kongo-Brazzaville eller berre Kongo, er eit land i Sentral-Afrika som grensar til Den sentralafrikanske republikken, Kamerun, Gabon, Den demokratiske republikken Kongo (Kongo-Kinshasa) og den angolanske eksklaven Cabinda. Hovudstaden er Brazzaville.

Landet var tidlegare ein fransk koloni.

GeografiEndra

 
Kart over Kongo-Brazzaville

I sør er landet prega av fjellkjeda Mayombe, som stig opp frå kysten og inn i landet. Fjella er ikkje spesielt høye, men ligg på mellom 500 og 800 meter over havet. Det høgaste fjellet i landet er Leketi, med ein topp på 1040 meter over havet. Den nordlege delen av landet består av flate dalar med regnskog. I den sørlege delen av landet er det fleire jordbruks- og industriområde. Nordaust for fjella ligg elva Niari. Områda rundt Niari er det beste jordbruksområdet i landet. Niari renn frå fjellene og heilt ned til kysten. Ho er ei stor elv, men ikkje i nærleiken av storleiken til den største elva i landet, Kongo, som flyt langs den søraustre grensa mot Kongo-Brazzaville.

KlimaEndra

Det meste av landet er eit lågtliggande platå mellom 200 m og 1000 m over havet, med ei kyststripe mot Atlanterhavet i vest. Den årlege nedbørsnormalen er mellom 1250 og 1750 mm dei fleste stader, og nedbøren er spreidd utover heile året. Minst nedbør har ein i sørleg område av landet og langs kysten. Perioden juni og september er den tørraste tida på året, då sola og den intertropiske konvergenssona er lengst mot nord. Ein har ein annan forholdsvis tørr, men kortare periode i januar medan konvergenssona er lengst sør.

Plante- og dyrelivEndra

Tropisk regnskog dekker det meste av landet. Dei vanlegaste treslaga i regnskogen er teak, mahogni og valnøtt. Republikken Kongo har eit variert dyreliv. Både elefantar, antiloper og bøflar er nokså vanlege i landet, sjølv om dei fleste av dei blir sjeldnare. Løver er mindre vanlege i landet enn dei var ført. Mange apeartar, som gorilla og sjimpanse, er utbreidde i regnskogen. På savannen finst det artar som sjiraff, gepard og hyene. Landet har også eit rikt fugleliv.

HistorieEndra

Dei fyrste folka som busette seg i området var jeger- og samlarfolk, kjenneteikna av låg gjennomsnittshøgd, og ofte omtalte som pygmear. Desse blei fleire stader fordrivne av bantufolk som slo seg ned i området som faste jordbrukarar. På 1300-talet lagde kongofolket eit mektig rike, men det blei øydelagd då portugisarane kom til på 1400-talet. På 1600-talet blei området nytta til franske handelsstasjoner og i 1885 fekk Frankrike grunnlagt ein koloni her. Brazzaville blei grunnlagd i 1883 av den franske oppdagingsreisande Pierre Brazza. I 1910 fekk kolonien namnet Fransk Ekvatorial-Afrika. Dette området omfatta dagens Republikken Kongo, Gabon, Tsjad og Den sentralafrikanske republikken. Landet blei sjølvstyrt republikk innanfor Det franske fellesskapet (Communauté Française) i 1958, og uavhengig republikk den 15. august 1960.

I 1997 braut det ut borgarkrig i landet, som varte til 1999.

Politikk og administrasjonEndra

I 1979 blei landet erklært som ein folkerepublikk med berre eitt parti. Presidenten styrer landet og blir vald for ein periode på 5 år. Presidenten utnemner og leier regjeringa. Det statsberande partiet er leia av ein komite på 75 medlemmar. Republikken Kongo har vore prega av kupp og kuppforsøk og ein ustabil politikk.

Administrative einingarEndra

 
Department i Kongo

Landet er delt inn i 12 administrative einingar, départements (department). Desse er så delte inn i kommunar og distrikt.[1] Dei er:

FolkesetnadEndra

Religion i Republikken Kongo ifølgje Association of Religion Data Archives (2015)[2]██ Katolikkar (52,9%)██ Protestantar og andre (ukjende) kristne (35,6%)██ Tradisjonelle afrikanske religionar (4,7%)██ Andre religionar (2,3%)██ Ingen religion (3,0%)██ Veit ikkje (1,4%)

Folketal[3][4]
År Mill.
1950 0,8
2000 3,2
2021 5,8

Folkesetnad i landet er konsentrert i sørvest, medan dei store tropiske skogområda i nord er nærast folketomme. 70 % av innbyggjarane i landet bur i byområde, som Brazzaville og Pointe-Noire, eller i ein av byane og landsbyane som ligg langs den 534 km lange jernbanden som bind saman dei to byane.[5]

Ifølgje Ethnologue blir det tala 62 språk i landet.[6] Kongofolket er den største folkegruppa, og utgjer rundt halvparten av innbyggjarane i landet. Dei viktigaste undergruppene av kongofolk er laari, i Brazzaville- og Pool-området, og vili, kring Pointe-Noire og langs atlanterhavskysten. Den nest største gruppa er tekefolk (bateke), som bur nord for Brazzaville, og utgjer 16,9 % av innbyggjarane. Mbochifolk bur nord og aust for og i Brazzaville, og utgjer 13,1 % av innbyggjarane.[7][8] Pygmefolk utgjer 2 % av innbyggjarane i Kongo.[9]

KjelderEndra

  1. Congo-Site Portail Arkivert 18. mai 2009 ved Wayback Machine.
  2. «Congo, Republic of the». Association of Religion Data Archives. 2015. Arkivert frå originalen 22. oktober 2020. Henta 18. mai 2020. 
  3. «World Population Prospects 2022». population.un.org. United Nations Department of Economic and Social Affairs, Population Division. Henta July 17, 2022. 
  4. «World Population Prospects 2022: Demographic indicators by region, subregion and country, annually for 1950-2100» (XSLX). population.un.org ("Total Population, as of 1 July (thousands)"). United Nations Department of Economic and Social Affairs, Population Division. Henta July 17, 2022. 
  5. Background Note: Republic of the Congo Arkivert 4. junu 2019 ved Wayback Machine. United States Department of State. Vitja 21. august 2008.
  6. «Languages of Congo». SIL International. Arkivert frå originalen 23. september 2008. Henta 13. juni 2009. 
  7. Levinson, David (1998). Ethnic groups worldwide. Greenwood Publishing Group. s. 120–121. ISBN 978-1-57356-019-1. Arkivert frå originalen 13. april 2021. Henta 20. desember 2020. 
  8. «Congo Overview». Minority Rights Group International. Arkivert frå originalen 14. juni 2008. Henta 13 June 2009. 
  9. «Les pygmées du Congo en "danger d'extinction"». Le Monde. 5. august 2011. Arkivert frå originalen 7. november 2017. Henta 5. november 2017. 
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.