Aphroditebreen
Aphroditebreen er ein isbre, 5 nautiske mil lang, som flyt nord til austkysten av Den antarktiske halvøya 3 nautiske mil vest for Victory Nunatak. Den nedre delen av breen vart først kartlagt av W.L.G. Joerg frå flyfoto tekne av sir Hubert Wilkins i desember 1928 og av Lincoln Ellsworth i november 1935. Isbreen vart så fotografert av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i desember 1947 og kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey i desember 1958 og november 1960. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Afrodite, kjærleiksgudinna i gresk mytologi.[1]
Aphroditebreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Trinityhalvøya | ||
- koordinatar | 68°47′S 64°32′W / 68.783°S 64.533°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Aphroditebreen 68°47′00″S 64°32′00″W / 68.7833°S 64.5333°W | |||
Kjelder endre
- ↑ «Aphrodite Glacier». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 7. november 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Aphroditebreen» (innhald frå Geographic Names Information System).