Apollonius Rosenlund
Apollonius Liljedahl Johannesson Rosenlund (21. september 1862–11. mars 1934) var ein norsk lærar og politikar frå Vik i Sogn. Han representerte Venstre på Stortinget i åra 1913-18.
Apollonius Rosenlund | |||
| |||
Fødd | 21. september 1862 | ||
---|---|---|---|
Død | 11. mars 1934 (71 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Alle verv |
|
Far hans var lærar og kyrkjesongar i Vik. Sjølv vart Rosenlund seminarist frå Stord i 1883. Dei to komande åra var han dels lærarvikar og huslærar. Frå 1886 var han lærar i Davik prestegjeld i Nordfjord, frå 1891 også kyrkjesongar. I 1896 fekk han også jobben som kasserar i den lokale sparebanken. Same året vart han medlem i formannskapet i Davik kommune, varaordførar 1897-98, og ordførar frå 1899 til 1916. Attåt var han forlikskommissær frå 1898.
Valperiodane 1913-15 og 1916-18 representerte Rosenlund Nordfjord krins på Stortinget, der han var medlem av Protokollkomiteen.
Kjelder
endre- Biografisk informasjon om Apollonius Rosenlund NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv